Strilen / Sport / Austrheim stiller med seniorlag
Brukernavn 
Passord 
 
Austrheim stiller  med seniorlag

Austrheim stiller med seniorlag

Del | |

AUSTRHEIM: Etter nedrykket i haust var det tvil, men no stiller Austrheim IL likevel med eit herrelag i 2012.

Publisert 07.12.11 16:41
Endret 07.12.11 16:42

Det laget stiller i 6. divisjon, etter at Austr­heim-laget saman med Eikanger og Kvernbit rauk ned eitt hakk då tabellen vart gjort opp etter fullført sesong.

– Det er nettopp klart at me har med eit lag også neste sesong. Kven som skal verta trenar har me ikkje fått sett på enno, seier Trine Vågenes, leiar i fotballstyret i Austrheim IL.

Frå sjuarlaget
For å fylla laget skal ein ha med nokre av spelarane som var med denne sesongen, i tillegg til ein del nye.

– Austrheim IL har hatt eit sjuarlag på Kaland. Dei har ikkje nok spelarar til å stilla lag i 2012, og nokre av spelarane vil no gå over til a-laget, seier Vågenes.

Austrheim har tidlegare hatt eit samarbeid med Lindås for seniorlaget, samarbeidet kom då Lindås ikkje kunne stilla med eige lag. Om Austrheim i 2012 vil ha med spelarar frå Lindås, har Vågenes ikkje oversikt over.

Innetrening
Parallelt med at Austrheim har spelt seg nedover i divisjonane dei siste åra, har kommunen og idrettslaget lagt til rette med betre og betre treningsanlegg. Kunstgrasbana kom på plass i haust, men framleis utan lys.

– Stolpane står der, og leidningane skal vera trekte fram, men det manglar koplingar, seier Trine Vågenes.

Utan flaumlys, og med snø­føret ein har no, vert det heller treningar inne i Austrheimhallen like ved nyebana.

Lokaloppgjer
Påmeldingsfristen for seniorlag i kretsserien er søndag 11. desember. Fotballkretsen lovar å ha avdelingsoppsettet klart veka etter, slik at ein kan sjå kva lag som spelar saman i 2012.
Etter nedrykket til Austrheim, Eikanger og Kvernbit, kan det verta mange nabokampar i 6. divisjon neste sesong. Hordabø, Nordre Holsnøy IL og Nordhordland 2 er alt på plass her, desse laga plasserte seg midt på tabellen denne sesongen.

– Eg håpar at alle dei lokale laga vert med også i 2012. Det vert mange lokaloppgjer, seier Jan-Terje Sætre, som denne sesongen har vore spelande trenar for Austrheim-laget, og som i haust passerte 200 kampar for Austrheim IL.

I 2012 vert han ikkje trenar, men Sætre håpar å få med seg litt trening og kampar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler