Beste handbakbrytaren i landet
MASFJORDEN: – Det var gøy, men veldig, veldig hardt, seier Asle Kvamsdal som i helga vart noregsmeister i handbak i sin klasse og konka ut alle i «Over all». (Foto: Willy Borge)
Endret 26.06.12 11:03
– NM-kampen varte sikkert bortimot eitt minutt, og det er ganske lenge i ein meisterskap, seier 22-åringen frå Skjelsundet i Nordbygda.
Han vedgår at han kjenner gangsperra godt etter finalekampen der han slo sin eigen trenar i Os Håndballklubb, Arne Thuen.
Slo førebildet sitt
– Eg har så stor respekt for den mannen, at det faktisk hadde vore kjekkare å slått nokon andre, vedgår Asle.
Han fortel at Thuen er eit forbilde for heile klubben og at det er han som har gjort klubben til Noregs beste klubb.
Den utøvande 58 år gamle trenaren er den største legenda og mestvinnande på handbak i Noreg.
Han er 8 gonger verdsmeister, 8 gonger europameister og over 20 gonger noregsmeister og skal visst ikkje ha tapt ei noregsmeistertevling i sin vektklasse på ti år.
Under EM i Polen i mai fekk han bronse under Grand Master for dei over 50 år, fortel Asle.
Vann «Over all» i tillegg
I tillegg til å ta gull i begge armar og bli noregsmeister i sin klasse, vann Asle «Over all».
Det er ein konkurranse som går etter at gullvinnarane i alle klassane er kåra. Då konkurrerer dei mot kvarandre uansett arm, kjønn, vekt og alder.
Her må alltid den som vann året før opna ballet med å møta vinnaren av tungvekt, altså 105 pluss.
– I år tapte fjorårsvinnaren for 105 pluss og 105 pluss møtte 105 minus.
Dette gjorde at eg først måtte slå 105 minus for så å bli utfordra av alle dei andre vektklassane for å vinna, forklarer han.
Bragda gav han tittelen den beste handbakbrytaren i Noreg i 2012, men betyr også at neste år er det han som skal starta først og møta gullvinnaren i tungvekt.
– Hehe, ja det blir hardt å forsvara tittelen neste år.
Men det einaste eg kan gjera er å trena veldig, veldig bra for å halde vedlike styrken, seier han.
Vart hekta i 2007
Asle begynte med handbak i august 2007 etter å ha trena ein del med ein kompis som tok NM-sølv i 2005.
– Han gav seg, men eg vart heilt hekta, seier Asle som alltid har likt å driva med ulike former for styrketrening.
I handbak er ein senior når ein har fylt tjue.
Klassane er inndelte etter vekt og det er beinhardt anten ein veg minus 75 eller over 105 og er tungvektar, fortel Asle.
– Alle bryt med forskjellige teknikkar. Nokon har lange armar, andre korte.
Nokon er kjappe medan endre er treige.
Men uansett er det viktig å vera veldig sterk i heile armen og spesielt i handledd og underarmar, seier han.
– Trenaren min er kjent for å vera grådig sterk og seig.
Dess lenger kampen varer jo større fordel er det for han, legg han til.
EM- og VM-klar i 2015
Sidan handbaksporten er veldig belastande for armane, trener Asle berre tungt tre gonger i veka. Lettare grunnstyrke kan han trena oftare.
– Eg har hatt ein del skader så det er viktig at eg roar litt ned mellom slaga.
Utfordringa er å halda seg skadefri undervegs, seier han.
Neste konkurranse han skal delta på er VM i Brasil i september.
Men han reknar ikkje med at han kjem til å hevda seg så noko der.
– Eg tok 5.– og 6. plass i VM i 2008, men då var eg junior.
Seniornivået er mykje høgare. Eg er ikkje der enno.
Treng eit par år til før eg kan hevda meg på EM og VM-nivå.
Målet er å vera der i 2015, seier den lovande handbakmeisteren.
Sølv og bronse til Daniel
Med på NM frå Masfjorden, var også Daniel Borge.
Han tok i år bronse i venstre hand og sølv i høgre hand i minus 80-klassen for juniorar.
SØLV OG BRONSE: Daniel Borge, også frå Masfjorden, tok bronse i venstre hand og sølv i høgre hand i minus 80-klassen for juniorar.
Ayla måtte avlivast
MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.
Lathi på Everest for andre gong
Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.
Tok årets første bad
MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.
Tog og is uansett ver og vind
Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.
Siste kortnytt
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
- Luftsport på nett [22.04.13 11:35]
- Banknedlegginga på Lindås vedtatt [22.04.13 12:30]
Mest lest
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Fire på sjukehus etter kollisjon på Radøy [19.04.13 10:46]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Sende Hakkebakkeskogen til nye høgder [21.04.13 18:54]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
- Mongstad evakuert [07.05.13 14:07]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]





