Classic XI vann romjulscupen
KNARVIK: Med Møvik-brørne Kristoffer og Matias på laget vann Classic XI cupen, etter 3-1 i finalen mot «I still wanna hump alot».
Endret 03.01.12 11:57
Classic XI vann først pulja si, og gjekk deretter vidare til å vinna heile turneringa. Sentrale på laget var to blad Møvik, Kristoffer og Matias.
– Når me først er med, så er me med for å vinna, seier Matias Møvik, og legg til:
– Og så fekk me litt trim i jula.
Han skåra eitt av måla i finalen, og likte seg på cup.
– Ekstra gøy var det å vinna.
Matias til Fana IL
Kristoffer Møvik har kontrakt med Brann, medan storebror Matias skal spela i andredivisjon for Fana neste sesong. Han signerte for 2. divisjonslaget måndag 26. desember, etter å ha spelt for Løv-Ham i førstedivisjon denne sesongen. Målet for Matias er å komma tilbake til eliteserien.
– Eg har jo sjølvsagt lyst å spela på det nivået, det har jo alle. Men no skal eg begynna i 2. divisjon, prøva å spele fast der og få litt sjølvtillit. Eg har ikkje noko spesielt anna mål enn det. Eg tar det som det kjem, seier den tidlegare Eikanger-, Brann- og Løv-Ham-spelaren.
Fana rykka opp til 2. divisjon i haust, etter at dei i 2010 rykka ned frå andre til tredje.
Femten lag
15 lag møtte opp i Nordhordlandshallen for å spela i NBK sin romjulscup tysdag 27. desember. Ni lag var med klassen for dei aktive, medan seks lag var med i mosjonsklassen med spelarar i 6. divisjon og nedover.
Det har ikkje har vore romjulscup sidan 2006, men no er NBK i gang igjen med turneringa.
– Me såg at det mangla ei turnering for seniorane. Som tidlegare er det A-laget vårt som lagar til. Dei er dommarar, står i kiosken, og ryddar opp, seier turneringsleiar Harald Kvamme.
– Turneringa har gått fint, utan alvorlege skader,
Med 15 lag påmeldt synest han det var heilt grei oppslutnad.
– Påmeldinga gjekk greitt, via nettet. Me kunne kanskje ha annonsert litt meir, men elles var cupen ein suksess.
Vinnarane, og dei som tok 2. plass og 3. plass, fekk medaljar. Vinnarane fekk kinderegg i tillegg.
– Me fann ut dette med turneringa litt seint, så det vart ikkje pokalar i år. Me får ordna det neste år, om det vert cup igjen.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





