Strilen / Sport / Dugnadsiver i Leirdalen
Brukernavn 
Passord 
 
Dugnadsiver i Leirdalen

Dugnadsiver i Leirdalen

Del | |

MELAND: For eit par veke sidan kom det nye idrettshuset til Nordre Holsnøy IL under tak, og no gjenstår mange dugnadstimar med innreiing.

Publisert 18.10.11 10:55
Endret 18.10.11 10:55

–Å få dette idrettshuset på plass vil vera eit stort løft både for idrettslaget og bygda, seier Lars Skintveit til Strilen.

Skintveit er leiar i byggekomiteen for det nye idrettshuset, som no tek form i Leirdalen på Rossland. Søndag før fotballkampen var det ope hus i bygget, slik at interesserte kunne koma og ta ein titt.

Det er pengar frå Trond Mohn som har gjort et mogeleg å reisa idrettshuset, som har ei total kostnadsramme på 13 millionar kroner, dugnad medrekna. Og idrettslaget har forplikta seg til å utføra 5.713 dugnadstimar til ein samla verdi av 2,8 millionar kroner.

Over femti
– Folk har vore flinke til å stilla opp på dugnad, og til no har det vore mellom 50 og 100 personar med, fortel Mona Skinveit, som og sit i byggekomiteen og har ansvar for rekneskap og administrasjon.

Nokre er meir ivrige enn andre og har langt ned mange timar.

– Både utgraving av tomta og det meste av betongarbeidet er gjort på dugnad, og det same gjeld maling av utvendig kledning, fortel ho.

Til våren
Men no er det først og fremst arbeid inne i huset som gjenstår.

– Me håpar å ha garderobeanlegg og toalett klart til april neste år, når fotballsesongen startar, seier Mona Skintveit.

Dette ligg i første høgda, rett inn frå fotballbana.
I dag må laga som spelar i Leirdalen, reisa bort på Rossland skule for å dusja.

– Det vert eit stort framsteg når me har klart garderobeanlegget her.

I første høgda skal det og koma kjøkken, kafe og vektrom, der folk kan trena.

På dugnad
– Me håpar å ha open kafe kvar ettermiddag og kveld. Den må drivast på dugnad, og kanskje er der ein pensjonistgjeng som kan stå for drifta, seier Mona Skintveit.

Målet er at det nye idrettshuset skal verta eit tilbod for både unge og eldre i Rosslandskrinsen, og at det kan verta ein ny møtestad i bygda. Det er noko ein har sakna.

I første høgda kjem det og eit materialrom og ein garasje, der ein kan lagra traktor og utstyr som vert nytta ute på bana.

Selskap
I andre høgda skal det koma eit 144 kvardratmeter stort selskapslokale.

– Det tek me sikte på å ha klart neste haust. Det er alt folk som har meldt seg for å ha konfirmasjon der, fortel Mona Skintveit.
Selskapslokale er noko dei har sakna på Rossland.

Ved sida av selskapslokalet skal det koma kjøkken, og i andre høgda vert det også toalettanlegg og garderobe, vaskerom og kontor for idrettslaget.
Og på utsida vert det ein flott Vip-tribune, med utsikt over fotballbana.

Fagfolk
Sjølv om mykje skal gjerast på dugnad, må det sjølvsagt vera fagfolk med, slik at arbeidet vert gjort skikkeleg og etter forskriftene.

– Og me har flinke folk med som har greie på det meste, seier Skintveit.

Men ein del arbeid, som røyrleggjar- og elektrikararbeid, må sjølvsagt gjerast av fagfolk.

No håpar Mona Skintveit at folk er minst like flinke til å stilla opp på dugnad som dei har vore fram til no, slik at dei ulike delane av idrettsbygget kan stå klart som planlagt.

Ein god del folk tok seg turen for å kikka på det nye idrettsbygget, og måndag 24. oktober vert det informasjonsmøte på Rossland skule, der idrettslaget vil orientera om planane framover.

Og fotballkampen enda med 6-2-siger til Nordre Holsnøy over Loddefjord 2.

LEIAR: Lars Skintveit er leiar i byggekomiteen for det nye idrettshuset i Leirdalen. Han jobbar også i firmaet Boligsenteret i Åsane, som har teikna bygget. LEIAR: Lars Skintveit er leiar i byggekomiteen for det nye idrettshuset i Leirdalen. Han jobbar også i firmaet Boligsenteret i Åsane, som har teikna bygget.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler