Strilen / Sport / Einaste frå norom brunæ på Salhuslaget
Brukernavn 
Passord 
 
Einaste frå norom brunæ på Salhuslaget

Einaste frå norom brunæ på Salhuslaget

Del | |

Salhus handballag jenter 96 trenar fast i hallen på Frekhaug kvar fredag, men dei har få medlemmar frå denne sida av brua. No oppfordrar dei til å verta med.

Publisert 24.01.11 18:00
Endret 31.01.11 09:03

Som einaste jente frå nordsida av brua, spelar Birte Skurtveit Davidsen på handballaget til Salhus. Laget prøver å rekruttera fleire jenter frå kommunane i Nordhordland. Dei vil gje eit godt tilbod og auka nivået på handballen i distriktet. Davidsen trenar med både Salhus og Nordre Holsnøy.

– Forskjellen på dei to laga er at hos Salhus er det høgare tempo, betra forsvar, dei er flinkare å kontra, skyta og plassera ballen, det er mykje betre målvakttrening, og me spelar på høgare nivå. Eg vil anbefala andre å begynna her, seier Davidsen.

Det har ikkje tatt henne lang tid å oppdaga fordelane, etter­som ho berre har trent der to gongar til no. Ho veit ikkje enno om ho vil slutta i Nordre Holsnøy eller om ho vil halda fram i begge laga.

Hevar nivået
– Det er ikkje så mange handballag her ute. Det eg håpar på, er at me kan få større breidde i handballen. Hallen og anlegget her er fantastisk til dette høvet, synd at det ikkje er meir handballspeling her, seier Jan Freddy Johannessen, som er trenaren deira.

Salhus har høgare nivå enn lokallaga her ute. Johannessen har handballtrenarutdanning på nivå tre. Det er det høgste du kan få i regionen. I tillegg er han trenar på 1. divisjonslaget Bjørnar.

– Me har vore her i fem år, men me har hatt lite tilsig av spelarar opp gjennom åra. Me håpar at det skal endra seg. Dersom det er folk som vil trena på høgare nivå så må dei gjerne koma hit og sjå om dei trivst. Me trenar alltid her frå 16.30-18 på fredagar, seier Johannessen.

Samarbeid
– Tidlegare har Salhus og Nordre Holsnøy hatt eit samarbeid her ute. Dette var med 91-92 gruppa. No har me 96-gruppa, med ein person frå 97, seier Johannessen.

Jentene spelar både i A og B i aldersbestemte lag. A er høgaste nivået. Trond Egil Soltvedt er leiaren for Meland Aktiv. Han har gitt dei treningstid der i halvannen time om fredagane.

– Eg trur han ser betydinga av å ha handballag i hallen. Me har også eit samarbeid med Sprek og Blid for at jentene skal begynna å bruka treningssenter for å få betre styrke. Tine Samdal Olson, senterleiar og helsekonsulent på Sprek og Blid i Knarvik, har gitt oss gratis trening der. Alle i laget kan trena der gratis så mykje dei vil. Olson var også med på det førre prosjektet me hadde, seier Johannessen.

Enkel sak
Det er ikkje noko problem at jentene må reisa heilt til Frek­haug for å trena. Det er like langt dit som til hallen dei brukar i Arna på resten av treningane. Foreldra har sine køyrelister, så transporten går heilt fint.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler