ENK overrumpla Hordabø
Her kjempar Jannike Garberg inn 3-1 for ENK og punkterer lokaldysten mot Hordabø.
Endret 08.06.09 19:33
– Kampen sette meg i godt humør, ikkje berre avdi me slo Hordabø. Men me reiste oss etter to kampar der me sløste med sjansane og berre klarte uavgjort. I det siste har me trent avslutningar, og det ser ut til å ha hjelpt, seier ein smørblid Marius Silseth etter at laget hans drog det lengste strået i sol og fint spelever.
3-1 målet til Garberg kom 17 minuttar ut i 2. omgang på kunstgraset i Knarvik søndag ettermiddag. Etter berre ti minuttar i same omgang hadde også Linda Helgesen overrumpla Hordabø-forsvaret:
Ho skåra flott til 2-1 frå høgresida, der ho kom som ein vind på bakerste stolpe etter å ha kome inn som innbyttar.
Gjestane best i gang
Med tre poeng hoppar også ENK forbi Hordabø på tabellen, med 12 poeng mot 11 for laget frå Radøy. På dei øvste plassane ligg så langt Follese, Odda og Øygard.
ENK opna kampen mest offensivt, men overlet initiativet til gjestane, som pressa hardt utover omgangen.
Etter at ENK reid unna fire-fem hjørnespark, kom eitt mål til begge lag heilt på slutten av første omgang:
Etter vel 40 minutt kom Sonja Haugen fint gjennom ENK sitt midtforsvar. Ho kunne skote sjølv, men la ut til Helene Marøy, som skåra sikkert frå høgresida.
NBK kvitterte berre minuttet etter då Helene Daae fekk god tid på seg og klinte eit langskot i mål.
– Det var heldig for oss at me klarte å få den reduseringa, fastslår ENK-trenar Silseth.
ENK kom sterkare
I pausen var trenaren trygg på at ENK skulle koma sterkare i 2. omgang.
– Laget har fire treningar i veka, seier Silseth, som meiner hans lag avgjorde blant anna på betre kondisjon.
Og ENK viste langt friskare takter etter pausen. Hordabø kom på defensiven. Og då heimelaget fekk sine to raske mål før det var godt 20 minuttar, tok det på humøret hjå gjestane.
Hordabø skal likevel ha ros for ikkje å ha gjeve opp, men klarte likevel ikkje å skapa farlege nok sjansar.
I staden var det innbyttar Anna Øvretveit som gjorde 4-1 for ENK like før slutt. Då var det lite hjelp i at Sonja Haugen reduserte til 2-4 før dommaren bles av kampen.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





