Strilen / Sport / Færø-familien dominerte
Brukernavn 
Passord 
 
Færø-familien dominerte

Færø-familien dominerte

Del | |

Færø-søskena Bertine Helene og Halfdan Emil vann for andre år på rad kvar sin klasse i Eikangerløpet.

Publisert 26.09.11 13:44
Endret 26.09.11 13:43

5000 meter-løpet på bane gjekk søndag 25. september, på bana på Ostereidet.

Færø-familien tok dei fire første plassane i herreklassen. Brørne Halfdan Emil og Jo Harald kjempa om sigeren. Halfdan Emil, den yngste av dei to, var best i spurten og vann på 16.51,5. Jo Harald følgde 1,3 sekund etter.

Vinnartida til Halfdan Emil var langt over minuttet dårlegare enn i fjor. Det skuldast nok både at konkurransen i år ikkje var så hard, og at Halfdan Emil har slite med sjukdom store delar av sommaren. Men no er han på rett veg att.

Tredjeplassen i Eikangerløpet var det veteranen Einar Færø (f.1956) som tok, med 18.25,7. Han var hardast pressa av bror sin, Helge Færø, som fekk notert 18.31,0. Det var først på dei par siste rundane at Einar denne gongen viste seg sterkare enn dei fire år yngre broren.

På femteplass i herreklassen kom unge Lasse Nordahl (f. 1997) som debuterte i Eikangerløpet med fine 19.08,5.

Bertine Helene Færø (f. 1992) vann kvinneklassen med 19.09,4, ca. 18 sekund etter løpsrekorden ho sette i fjor.

Forholda ved Eikangerløpet i år var gode med opphaldsvêr, vindstille, fin temperatur og tørr bane. Deltakinga var med 15 startande om lag som i fjor.

Eikangerløpet vart i år skipa til for 32. gong på Ostereidet. Arvid Hauge har delteke i alle desse løpa.
Vinterkarusellen til Eikanger IL startar med første løpet på Eikanger laurdag 15. oktober.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler