Strilen / Sport / Først ute med minicup
Brukernavn 
Passord 
 
Først ute med minicup

Først ute med minicup

Del | |

Ein minicup i Nordhordlandshallen på laurdag vert ein milepæl for handballen i Nordhordland.

Publisert 15.02.12 16:03
Endret 15.02.12 16:03

– Aldri før har det vore arrangert minicup i handball i vår region, og det er ei ære for Knarvik Idrettslag å vera først ute, seier Toyni Sæbø, som er leiar i Knarvik Idrettslag si handballgruppe.

Spelarane som møtest, er jenter frå årskulla 2002 og 2003, både frå arrangøren, andre lokale lag, og fleire lag frå Bergens-regionen.

Både Lindås, Nordre Holsnøy og Modalen stiller lag. Og frå sørsida kjem det lag blant anna frå Bjarg, Fana, Salhus, Flaktveit, Kringlebotn, Bønes, Sædalen, Lysekloster og Sotra.

– Så unge spelarar har ingen serie. Då vert miniturneringane den måt­en dei får skaffa seg kamp­trening på, opplyser Åshild Træland i handballgruppa til Knarvik.

Og sjølv om det heiter minicup, er dette eit stor arrangement for handballgruppa å dra i hamn. Eit arrangement som og vil gje ei god inntekt.

Træland seier at gruppa har fått spørsmål om å arrangera ei slik turnering tidlegare, og at dei no berre bestemte seg for «å hoppa i det».
– Me stiller med eigne spelarar frå damelaget som dommarar i dei kring 40 kampane. Og mange foreldre til spelarane på laga våre stiller opp på dugnad i kiosk, sekretariat og som vaktar, opplyser Trædal.

I mars skal Lindås si handballgruppe arrangera ein tilsvarande cup i den nye hallen der.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler