Strilen / Sport / Første tap for ENK
Brukernavn 
Passord 
 
Første tap for ENK

Første tap for ENK

Del | |

ENK leia serien med betre målforskjell enn dei andre laga. Så vart det tap mot Follese.

Publisert 11.05.09 18:34
Endret 11.05.09 18:32

Men ingen i ENK kan vera for skuffa etter tapet. Follese rykte ned frå 2. divisjon i fjor og er nok eit av dei sterkaste laga i divisjonen.

– Jamt over var Follese eit godt lag, seier ENK-trenar Marius Silseth.

– Dei har meir rutine, og større fysikk enn det me har, legg ENK-trenaren til.

Kjempa tappert
For dei svartkledde opna bra på kunstgraset i Knarvik søndag. Den notoriske målscoraren Jannike Garberg laga første scoringa i kampen. Linda Helgesen slo eit høgt innlegg som Birthe Ann Larsen heada vidare til Garberg. 20-åringen var kald og roleg då ho sette inn 1-0 til heimelaget si store begeistring. Follese utlikna midtvegs i omgangen, og det stod 1-1 til pause.

Tøffe duellar
Det vart ingen lett kamp for ENK. Det fysisk sterke bortelaget var uvand kost for samarbeidslaget. Det small i kvar einaste duell, og ENK kjempa tappert og trekte seg aldri.

Då det var spelt 88. minutt kom baklengsmål nummer to og ENK klarte diverre ikkje å stå løpet ut. På overtid la Follese på til 3-1 og alt håp om poeng vart då lagt dødt. Det første tapet for ENK denne sesongen var eit faktum.

God start
ENK-trenar Marius Silseth tykkjer det var kjedeleg med eit tap i sluttminuttane, men var ikkje for nedtrykt etter tapet.

– Me ser ikkje svart på dette, seier Silseth og legg til:

– Eg hadde vore veldig nøgd med eit poeng. ENK har sju poeng på fire kampar og er for alvor med i toppen av 3. divisjon.

– Me er nøgde med starten, seier Silseth til slutt.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler