Fotball-eldsjeler heidra av Kåfjord
NFF-president Sondre Kåfjord gav laurdag heider til to eldsjeler frå Nordhordland.
Foto: Jan-Terje Sætre
Endret 16.02.10 09:49
Det var Kjell-Tore Karlsen (til høgre) frå Austrheim IL og Bjørn Ove Myking (til venstre) frå Hordabø IL som vart heidra. Begge har lagt ned ein stor innsats over mange år for sine klubbar.
Medan Kjell-Tore Karlsen særleg er kjent for innsatsen med Austrheim Cup, har Bjørn-Ove Myking vore mykje framme i samband med arbeidet med mellom anna Hordabøhallen.
Prisane vart delt ut på HFK sitt leiarmøte på Thon Hotel på Kokstad laurdag 13. februar. Dette var ei samling for klubbane i Hordaland Fotballkrets, der NFF-president Sondre Kåfjord var på plass.
Til EM-kvalik
Bjørn-Ove Myking har vore med i styre og stell i Hordabø IL i fleire bolkar. No er han leiar i klubben, eit verv han i denne omgang har hatt i tolv år samanhengande.
– Eg ana ikkje noko før Sondre Kåfjord las opp namnet mitt. Då vart eg paff, seier Myking, som legg til at han reknar heideren for å gå ikkje berre til seg, men også til heile idrettslaget.
– Det viktige her er diplomet, og det at Hordabø vert sett litt «på kartet». Det er med hjelp av medlemmene at ein har fått det til.
Prispengane på 2.500 kroner skal kona få ta del i, med mange timar for fotballen har det nok vorte mindre til familien. Heilt fotballfritt vert det likevel ikkje.
– Eg reknar med at eg tek kona med meg til Oslo for å sjå ein kamp i EM-kvalifiseringa. Me får sjå nærare når terminlista kjem, seier Bjørn Ove Myking.
Anleggssatsing
I løpet av dei siste tolv åra, med Myking som leiar av laget, har Hordabø hatt ei stor utvikling på anleggssida.
– Grusbana var nær sagt ferdig den gongen eg tok over, seier han.
I åra etter har klubben fått til både grasbane og ein idrettshall, og framleis har dei planar på gang.
– På sikt snakkar me om å få kunstgras, der det er grus i dag. Det er berre lause planar så langt, men det hadde vore kjekt å få det til.
Også sportsleg har Hordabø teke steg oppover, særleg på damesida der klubben stiller i andredivisjon i 2010. Der har Myking ei dotter med på laget.
– Det vert spennande å sjå korleis det går, seier han
Bjørn-Ove Myking vart æresmedlem i Hordabø IL i 2009.
Ergometersykkel
Kjell-Tore Karlsen var invitert med til Kokstad av sonen Tor-Eivind, sistnemnde skulle orientera om samarbeidet mellom idrettslaga Austrheim og Lindås. Overraskinga var stor då Karlsen senior vart ropt fram.
– Eg hadde ikkje noko aning om at det skulle skje noko slikt, seier Kjell-Tore Karlsen.
– Så der vart eg grundig lurt.
Karlsen (66) fekk med seg diplom og 7.500 kroner. Kanskje vert det no innkjøp av ergometersykkel.
– Hjartelegen min sa sist eg var der, at eg måtte kjøpa ein ergometersykkel, og at eg så måtte bruka den.
66-åringen har to gonger blokka ut årer i hjartet, men er snar med å legga til at dette ikkje er den mest alvorlege hjartelidinga ein kan ha.
– Eg kan vel garantera for at eg skal kjøpa ein ergometersykkel, men ikkje for at eg kjem til å bruka den.
Æresmedlem
Kjell-Tore Karlsen har budd i Austrheim sidan 1973, og vart aktivt med i idrettslaget frå første start. Han starta som trenar for det første juniorlaget, og har i løpet av tida vore innom alle slags trenarfunksjonar, i tillegg til verv elles i klubben. Æresmedlemskap fekk Karlsen i 1985, men han har stått på klubben i 25 år etter det.
– Eg har vore trenar for alt frå miniputtar til a-laget. A-laget trena eg ned ein divisjon, fortel Karlsen med eit smil.
Sønene Tor Eivind og Bjarte André har også markert seg på fotballbana, det har også dottera Vibeke. Vibeke er den som har drive det lengst innan fotballen av desse tre, med ei dommarkarriere med EM-kampar, OL-kampar, Europacup, ein haug med landskampar, cupfinalar og eit utal kampar i Toppserien.
Austrheim cup
Barneturneringa Austrheim Cup har vore ei viktig oppgåve i laget for Kjell-Tore Karlsen, og han er framleis leiar for arrangørkomiteen. I fjor var 145 lag på plass på grasbana ved Årås samfunnshus, maksimal kapasitet er mellom 160 og 170 lag.
– Det er veldig kjekt å vera der under cupen. Sola skin, borna er nøgde, og me får vist fram kva Austrheim idrettslag og Austrheim kommune har å by på, seier Karlsen.
– Me arrangerer ikkje cupen først og fremst for å skaffa klubben pengar i kassen, men for å markera idrettslaget og kommunen på ein positiv måte.
Til cupen har Karlsen fått positivt svar frå dottera Vibeke og mannen Ole E. Sørdahl, begge dommarar på høgt nivå.
– Me har også vore i kontakt med Terje Hauge, og han har merka seg at me skal ha cup denne helga.
Dermed skal i alle fall ein del av kampane vera sikra gode dommarar.
– Me har utviklingspotensiale for dømminga både under cupen og generelt i Nordhordland, seier Kjell-Tore Karlsen, framleis ivrig på å få til ei vidare utvikling innan sporten.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






