Strilen / Sport / Gode resultat i NM i sjakk
Brukernavn 
Passord 
 
Gode resultat i NM i sjakk

Gode resultat i NM i sjakk

Del | |

MASFJORDEN: Kjetil H. Andås (C) og Sigve B. Hølleland (B) gjorde begge ein god figur i NM for ungdom.

Publisert 01.12.11 11:11
Endret 01.12.11 11:11

Arrangementet gjekk i år i Oslo i fine lokale på eit hotell på Kolbotn, det vart spelt 7 parti over 3 dagar i sju ulike årsklassar - der A er eldste klasse.

Spelarane frå Masfjorden SKU gjorde begge gode resultat. Kjetil tapte berre det siste partiet, då sat han på førstebord og spelte om NM-tittelen. Motstandaren i denne runden var ein langt høgare rangert spelar (kan samanliknast med tre divisjonar i fotball), og når Kjetil ikkje fann dei beste trekka i midtspelet utnytta motspelaren dette korrekt. I tillegg var Kjetil maksimalt uheldig når kvalitetsberekninga vart gjort og mista bronseplassen med minst mogleg margin.

Med ein flott og sterk femteplass med 5 av 7 poeng, viste han at det gode resultatet frå NM i sommar ikkje var eit blaff, og at han no er i ferd med å stabilisera seg på topp 5 i Noreg i sin årsklasse.

Sigve tapte óg berre eit parti i turneringa, og slo fleire høgare rangerte spelarar i turneringa. Dette heldt til slutt til ein sterk sjuandeplass, med 4.5 av 7 poeng, og ein solid ratingframgang på omlag 150 poeng.

Det deltok 34 spelarar i klasse B (1995-96) og 38 i C (1997-98).


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler