Strilen / Sport / Held fram i Førde
Brukernavn 
Passord 
 
Held fram i Førde

Held fram i Førde

Thor Jørgen Spurkeland fekk ikkje kontrakt med Sandefjord. Han held fram i Førde enn så lenge.

Publisert 04.01.10 18:23
Endret 04.01.10 18:23

Det vert ingen overgang til Sandefjord for den tidlegare Brann og NBK-spelaren Thor Jørgen Spurkeland. Spurkeland var på prøvespel i tippeligaklubben for nokre månader sidan og imponerte.

Tar ikkje sjansar
Økonomien i norsk fotball er stram og Sandefjord har ikkje råd til å ta sjansar. Det er hovudårsaka til at det ikkje vert nokon overgang.
– Dei vil henta ungt, men dei er nøydde til å vera heilt sikre på at spelaren forsterkar laget. Dei har ikkje råd til feilgrep, seier Spurkeland til Strilen.
Trass dette er Spurkeland storfornøgd med tilbakemeldingane han har fått frå Sandefjord-trenar Patrick Walker.
– Dei var imponerte og vil følgja meg tett, er tilbakemeldingane Spurkeland har fått.

Innstilt på Førde
Walker har gitt signal om at han vil ha Spurkeland med på prøvespel over lengre tid. Det er uvisst om dette lar seg gjera.
– Me byrja oppkøyringa på måndag og eg veit ikkje om det er ideelt med prøvespel midt i oppkøyringa, seier Spurkeland som spelar fast i Førde.
– Eg stortrivst i Førde, med mange vener i klubben og med styret. Heilt suverent, seier midtbanespelaren.
Førde rykka opp til 2.divisjon og kjem til å spela mot lag som Åsane, Os, Nest Sotra og Fana. Spurkeland trur Førde kjem til å overleva éin divisjon opp.
– Eg trur me kan overraska, men me er jo eit nyopprykka lag så om lag midt på tabellen bør vere ei realistisk målsetning, meiner Spurkeland.

Har ambisjonar
Spurkeland seier at han har lagt Sandefjord på is for denne gong, men at han ønskjer å spela på høgare nivå.
– Eg trener elleve gongar i veka, seier Spurkeland og understrekar at målet sjølvsagt er å bli best muleg og å spela på eit så høgt nivå som muleg.
– Eg må jobba vidare, så vil eg lukkast til slutt, seier Spurkeland som er ved godt mot.
Spurkeland var én av unggutane som ikkje fekk sjansen då han var i Brann. Det same var Erik Mjelde.

Kaptein
I dag er Mjelde kaptein på Sandefjord og scora fleire mål i Tippeligaen i fjor, blant anna mot Brann.
Spurkeland hadde litt kontakt med Mjelde under tida i Brann, og snakka ein god del med kapteinen under det korte opphaldet i Sandefjord.
– Han er ein eg ser opp til, og han har gått den lange vegen, seier Spurkeland, som no altså gjer seg klar for 2. divisjonsfotball med Førde.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler