Men då bilen med ein verdi på 270.000 kroner skulle bli trekt føre hundrevis på Knarvik stadion var ikkje vinnaren å sjå.

Ringte vinnaren

I staden måtte speaker Kjetil Iden ringa Isabell Masdal opp og ta samtalen på høgtalar føre alle.

– Hei Isabell, du er den heldige vinnar av bilen!

– Hah, hæ?! sa ein veldig overraska vinnar.

– Kor er du? På Hylkje? Då er det berre å snu med eingong å komma og henta bilen! sa Iden til latter frå publikum.

Tull?

– Eg trudde ikkje på det, eg trudde det var ein kompis som tulla, sa Masdal då ho kom køyrande inn på Knarvik stadion eit kvarter seinare.

Ho sat i bilen halvvegs på veg heim til Bergen då det ringte på telefonen. På grunn av ein litt «utolmodig» baby hadde ho og mannen valt å reisa heim før trekninga av bilen fann stad. Ganske raskt måtte dei snu.

Frå før av har paret ein Volkswagen Golf, men Masdal veit ikkje kva som skjer med den nye doningen.

– Me får sjå kva me skal gjera med den.

Masdal deltok på naturmila. Dette var første gongen dei var med.

– Me melde oss på i går kveld, det var heilt spontant. Me har ikkje vore med før. Men dette gav ein litt ekstra tvist på dagen, seier ho og ler.

PÅ TELEFONEN: Kenneth Tveit i Kverneland bil saman med speaker Kjetil Iden måtte ringa Isabell for å fortelja om bilpremien. Foto: Erlend Kristiansen