Årets turnering gjekk frå fredag 30. juni til søndag 2. juli, med kampar rundt om på det som finnest av tilgjengelege baner i Sogndal og bygdene rundt.

Det lokale laget som gjorde det best var NBK sitt lag i G14 9-ar. Dei kom til bronsefinalen i A-sluttspelet, der dei rauk for Os med 3 – 1.

I J13 7-ar vart det eit lokaloppgjer i bronsefinalen i B-sluttspelet, der Masfjord FL møtte Masfjord Brekke. Masfjord FL vann kampen 2 – 1.

Og i J13 9-ar var det eit NBK-lag i bronsefinalen i B-sluttspelet, her spelte NBK God Knall mot Gneist. Etter 2 – 2 på tavla ved full tid vart kampen avgjort på corner, og NBK God Knall vann då med 8-4.