Strilen / Sport / Idrettslaga har flest Grasrot-medlemmer
Brukernavn 
Passord 
 
Idrettslaga har flest Grasrot-medlemmer

Idrettslaga har flest Grasrot-medlemmer

Det er ti idrettslag som toppar den lokale Grasrot-statistikken så langt i 2010, både når det gjeld kroner og nye medlemer.

Publisert 02.03.10 10:19
Endret 02.03.10 10:18

Det viser statistikk som IL Avidra har sett opp.
Etter to månader i 2010 har desse ti idrettslaga notert vel 135.000 kroner frå Norsk Tipping. Dei ti laga har fått over 90 nye registrerte spelarar så langt i år.

Alvidra på topp
Statistikken viser no IL Alvidra på topp både i medlemer og kroner, deretter Austrheim Idrettslag og Nordre Holsnøy IL.

– Me er nøgde så langt med 23 nye Grasrot-medlemer etter to månader av 2010, seier Magnar Halås i Alvidra.

Halås fører statistikk for Alvidra, og har også oversikta over andre lokale lag.

– Får me sju nye i snitt per månad resten av året, passerer me 500 medlemer, som er målet for 2010.

I Lindås kommune ser det no ut til at kring halvparten av spelarane har registrert sine kort. Det er over landsgjennomsnittet.

Per nyttår var det 520.000 av 1,9 millionar spelarkort på landsbasis som var registrerte med grasrotandel. Norsk Tipping ser sjølv for seg ein auke på 20 prosent i løpet av det andre året med Grasrotandelen.

– Hugs at det ikkje kostar noko å registrera spelarkortet. Og då let du Norsk Tipping senda fem prosent av speleinnsatsen tilbake til eit favorittlag.

Dette påverkar korkje innsats eller gevinst. For dei som ikkje har grasrotandel på kortet sitt, går denne femprosenten til Norsk Tipping sin felles pott.

– Så midlane er ei form for kulturmidlar, betalt av Norsk Tipping sitt overskot, minner Halås om.

– Registreringa er fort gjort å ordna når du brukar kortet hjå kommisjonæren.

Idrettshall
For Alvidra sin del er det diskutert å setja grasrotpengane på fond, slik at dei er sette av som eigenkapital til ei mulig storstove/idrettshall for Alversund.

Pengane frå Norsk Tipping vert overførte til laga tre gonger i løpet av året. Du kan lesa meir på grasrotandelen.no


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler