Iskaldt NM
MELAND: Med tre grader i sjøen, vart det ein iskald konkurranse då NM i harpunering vart arrangert på kaien på Litlebergen laurdag.
Endret 22.02.10 17:18
– Det er andre gong me arrangerer NM i harpunskyting. Det er mange i Noreg som driv med undervassjakt, men det har aldri før blitt målt kor presist folk skyt. Derfor arrangerte me dette for første gong i fjor, og skal no gjera det til ein årleg tradisjon, seier initiativtakar Børje Møster.
Det var 20 lokale deltakarar påmeldt, og sjølv med lita startliste er det offisielt NM, og vinnaren kan kalla seg noregsmeister i harpunskyting.
Mange omsyn
Børje Møster har i mange år drive med undervassjakt, og seier det er mange ting å tenkja på for NM-deltakarane.
– Det er mange faktorar som spelar inn. Straum, motstand i sjøen og avstand til blink er ting ein må tenka på, seier Møster.
Blinkane er plasserte på fire meters djupn, og avstanden deltakarane skyt frå er fem meter for seniorar og fire for juniorar.
Denne gongen var det berre lokale deltakarar med, men målet er å få med undervassjegerar frå heile Noreg.
– Me har lyst å arrangera meisterskapen under havsportveka i framtida, seier Møster.
– Treng djupt basseng
Årets NM vart arrangert i sjøen, men i framtida vil dei også arrangera det i basseng. Men slik situasjonen er no, er det ingen skikkeleg djupe basseng i Nordhordland.
– Nordhordland treng eit djupt basseng. Det kan brukast både til stup, undervassrugby og kurs i fridykking. No har me brukt bassenget i Radøyhallen, og ein får gjort ein del øvingar der. Men det er litt for grunt til ein del ting, seier Møster.
Siger i debuten
Johan Kveldstad (15) gikk til topps i juniorklassen i NM, og første gong han skaut med harpun var under NM. At han var einaste deltakar i klassen vil ikkje historiebøkene seia noko om.
– Eg har drive med fridykking sidan i sommar, og no var første gong eg skaut med harpun. Det gjekk mykje betre enn eg hadde forventa, seier Kveldstad.
Harpunskytinga gav meirsmak og no skal han sjølv kjøpa harpun og driva med undervassjakt. Han stortrivst med fridykkinga, men det er ikkje mange på hans alder som driv med det.
– Eg trur det er fordi det kan sjå litt keisamt ut. Eg synest ikkje det såg så kjekt ut med fridykking før eg prøvde sjølv, men no er det kjempekjekt. Eg vil anbefala alle å prøva det ut, seier Kveldstad.
ALVOR: Simon Krûger hadde gløymd å barbera seg skikkelig, og fekk difor vatn i maska. Men ein kniv fiksa det heile.
Formannskap for fleirbrukshall
LINDÅS: Formannskapet i Lindås snudde frå utsetjingstankar, og løyvde fire millionar ekstra til fleirbrukshallen på Lindås.
– Ekteparet kan ikkje halda fram
Kyrkjeverja Åge Clausen sa i lagmannsretten onsdag at han ikkje trur på ei løysing i Ostereidet kyrkjelyd, så lenge sokneprest Vilhelm Overå og kona Leikny Overå er involverte der.
Der alle vinn banketten
Kva gjer det om ein berre vinn ein av fire kampar og ender med minus tolv mål, så lenge det er gøy...
Nicholas (15) skal leia polosatsing
MELAND: Sist helg fekk Nicholas Eliassen Tveit spela kajakkpolo med dei beste i Noreg. No vil han freista andre til å prøva ein spennande sport.
Siste kortnytt
- Landa på taket [08.09.10 14:02]
- I 126 i Nipetunnelen [08.09.10 14:06]
- Heilt på jordet [08.09.10 14:04]
- Planstart for kabelferje [07.09.10 11:35]
- Droppar rapportering [07.09.10 11:34]
- Nevekamp ved Shell [07.09.10 11:32]
- Slagsmål på UtenRick’s [06.09.10 18:20]
- To nye bilinnbrot [06.09.10 18:18]
- Arbeidsulukke på Statoil [06.09.10 14:43]
- I fjellveggen på Flatøy [06.09.10 14:40]
- Ingen morgonpromille [06.09.10 14:37]
- Modalen har plass til alle [03.09.10 18:10]
- Berre rykte [03.09.10 18:08]
- Ni bilinnbrot [03.09.10 18:05]
- Folkemøte om prestestriden [01.09.10 18:21]
- Vurderer 50-sone [01.09.10 18:20]
- Havsportveka skjenka mindreårige [01.09.10 18:19]
- Holmaas vann i NCC-leikane [31.08.10 14:07]
- Kjørte påverka [31.08.10 14:05]
- Stal brannslukkingsapparat i tunnel [31.08.10 14:06]
Mest lest
- Det er ikkje eit naust [28.08.10 15:16]
- Facebook-gruppe støttar Overå [30.08.10 18:14]
- Hamna i fjellveggen [16.08.10 11:07]
- Eit folkehav [05.09.10 17:56]
- Tanita i X Factor [31.08.10 14:29]
- Føler seg mobba av bispen [24.08.10 10:50]
- Tobias (12) vann bil [05.09.10 16:36]
- Passar munnen etter heftig symjetur frå Fedje [17.08.10 10:53]
- Brua er på plass [03.09.10 13:17]
- Asfalt for millionar [13.08.10 17:17]
- Toppar fjoråret [13.08.10 18:25]
- I fengsel for svindel [28.08.10 15:17]
- Ekstrem moro [16.08.10 13:40]
- Byggjer ei bru, neste må venta [16.08.10 18:14]
- Smell ved flytebrua [25.08.10 09:13]
- Lindås på veg mot 15.000 [20.08.10 17:38]
- Meiner media har låst Overå-saka [06.09.10 18:35]
- No startar kystsogevekene [11.08.10 12:53]
- Kritisk til trafikksikringplan [11.08.10 18:08]
- Poesi i blæst [21.08.10 18:55]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Anne klar for Grand Prix [30.12.07 13:19]





