Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland
AUSTRHEIM: I mange år var Ingrid Ryland spelar og dugnadsarbeidar i Austrheim Cup. Søndag kom ho for å få stipend frå Jonnaens minnefond.
Endret 09.06.08 19:01
Sjekken på 5.000 kroner vart delt ut av dottera til fotballtrenaren Jon O. Nielsen, Charlotte Nielsen. Stipendet skal gå til ein talentfull ung spelar, krav som Ingrid Ryland absolutt fyller.
– Ingrid Ryland er inne i sin andre sesong på Arna-Bjørnar. Sidan ho gjekk til denne klubben har ho også fått fleire landskampar på aldersbestemt nivå, sa John Torsvik i samband med stipendtildelinga.
Ryland fekk applaus frå sine gamle klubbkameratar i Austrheim, idrettslaget der ho spelte i mange år.
Ti-tolv økter
Ingrid Ryland er opphavleg frå Kaland, men har no flytta «sørom fjorden» i samband med skulegang og spel på Arna-Bjørnar sitt topplag. Denne våren er ho også russ, men feiringa er nok av dei meir disiplinerte.
– Det vert ikkje så mykje russefeiring, nei, smiler 19-åringen.
På slutten av ungdomsskuletida pendla Ryland til Åsane for å spela der, ein klubb ho spelte for også etter at ho tok til på Framnes vidaregåande skule i Norheimsund.
No har Ryland halvannan sesong bak seg i Arna-Bjørnar.
– Det vart ein del bussturar, seier ho med eit smil.
Det siste av dei tre skuleåra på vidaregåande tek ho ved U. Pihl i Åsane. Då går det mindre tid til reising, og det vert meir tid til trening.
– Det kan vel verta ein ti-tolv økter kvar veke, når eg tek med gymtimane eg har på skulen, seier ho.
Ryland er elev ved idrettslina på U. Pihl.
Over hundre mål
I Austrheim spelte ho stort sett sjuarfotball, dei var ikkje mange nok jenter til å spela i den «vanlege» serien.
– Det hende at me fekk over hundre mål på ein sesong, og me hadde det veldig kjekt, seier Ingrid Ryland.
– Ein sesong spelte me 11ar-fotball, og tapte alt. Men tapa gjorde oss berre betre sesongen etter.
Søndag fekk ho dela ut premiar til ivrige born under Austrheim cup, ein arena der ho har spelt mange kampar sjølv også.
– Eg hugsar eg dømte nokre kampar her også. Men eg var kjempenervøs, sjølv når eg skulle dømma kampar med desse minste. Eg trur eg skal halda meg til å spela, for å seia det slik, smiler ho.
Fast på laget
Etter halvannan sesong hjå Arna-Bjørnar er Ryland no fast på laget. I debutkampen laga ho ei avgjerande skåring mot Trondheims-Ørn, ein kamp laget vann 2-1. Men no vert det mindre skåringar.
– Eg er flytta ned frå kant til back. Det vert nok ikkje så mange mål, men skårar eg no vert det vel ekstra gøy sidan ingen ventar det, seier Ryland.
Etter at ho skifta plass på bana fekk ho merka at backane er dei som spring mest. Og særleg når ho skal vera ein offensiv back, og gå på løp framover.
– Eg visste ikkje at det var så tungt å spela back, smiler ho.
EM og VM
I fjor spelte U19-jentene seg til semifinalen i EM, ei oppleving Ryland rangerer høgt.
– I juli skal eg vera med U19-laget til Frankrike for nye EM-kampar, fortel 19-åringen.
Landslaget er også kvalifisert til VM i Chile, dit går turen i november.
– Til hausten reknar eg med å studera ved Universitetet i Bergen. Då er det lettare å kunna vera vekke når me skal på turneringar, seier Ryland.
Fotballen skal ho no heilt sikkert halda fram med.
– Eg har alltid likt fotball, og på barneskulen var eg alltid med gutane når dei skulle spela. Når det er gøy, så trenar ein også mykje, og ein kan alltid utvikla seg vidare.
Mykje trening er viktig, meiner fotballtalentet.
– Øving gjer meister, heiter det ikkje det?
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






