Strilen / Sport / Marie klar for handball-NM
Brukernavn 
Passord 
 
Marie klar for handball-NM

Marie klar for handball-NM

Marie Skurtveit Davidsen frå Rossland er teken ut på reigon-laget i handball.

Publisert 26.02.10 18:17
Endret 01.03.10 08:21

Til dagleg er Marie Skurtveit Davidsen handballkeeper for Arna-Bjørnar. Denne helga er ho ei av dei heldige, og dyktige, som skal delta i NM

– For å koma med på regionlaget må ein trena mykje og vera god i det ein driv med, seier Marie til Strilen.

Til Hamar
Me var innom i Framo-hallen i Fyllingsdalen tysdag og såg henne i aksjon mot Fyllingen sitt lag i førstedivisjon. Jenta frå Rossland har trent handball i fem år og er no klar for å delta i NM på Hamar til helga.

Trening og venner
Sjølv om ho no er i full trening og trener fem gonger i veka, tek ho seg også tid til å vera med venner.

– Eg prøver å vera streng med meg sjølv og trena mykje, men eg prøver så godt eg kan å få tid til å vera litt med venner òg, seier ho.
 
Gler seg
Keeperen frå Arna-Bjørnar gler seg til å kunna spela  på regionlaget.

– Eg gler meg kjempemykje! Og eg trur me i alle fall skal klara å komma til semifinalen, seier ho.

– Draumen er sjølvsagt å verta proff handballspelar, og eg lovar at eg skal gjera mitt beste når me deltar i NM, seier Marie.

Grunnen til at ho har nådd så langt er nok all treninga ho har gjennomført, men ho set også far sin høgt.

– Han er ein av mine store inspirasjonar innanfor denne idretten, seier ho.

Far hennar har også vakta målet på handballbana.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler