Nedrykksprega sesongavslutning
Radøy/Manger skal spela kvalifisering om opprykk, elles er det mykje nedrykk i den lokale fotballen.
Endret 18.10.11 10:57
På kvinnesida er det klart for nedrykk for Hordabø. Laget hamna på sisteplass i 2. divisjon kvinner avdeling 4, og er klare for spel i 3. divisjon i 2012.
I 4. divisjon starta tre lokale lag sesongen i vår, men etter at Lindås trekte seg i sommar var Eikanger/NBK/Kvernbit (ENK) og Radøy/Manger aleine att om å avslutta sesongen. ENK er midt på tabellen når ein serierunde står att, Radøy/Manger er sist. Sidan dette er lågaste nivå på kvinnesida, vert begge å finna i same divisjon i 2012.
Radøy i kvalik
Radøy/Manger sin sterke haustsesong i 4. divisjon menn avdeling 1 er det einaste positive ein kan finna i årets lokalfotball. Med ein serierunde att er dei klare for kvalifiseringsspel om opprykk til 3. divisjon. Første kampen går laurdag 29. oktober på Manger, returkampen er ikkje sett opp.
– Utgangspunktet var helga etterpå, men det vil me unngå sidan det er cupfinalehelga, seier Torstein Pedersen, konsulent hjå Hordaland fotballkrins.
Radøy/Manger skal spela kvalik mot Sandviken eller Hovding, frå 4. divisjon menn avdeling 2. Nettopp desse laga møter kvarandre neste helg, der vinnaren får kvalik.
NBK er relativt trygge med sin åttandeplass ein serierunde før slutt. Niandeplassen kan gje nedrykk, men skal NBK verta passerte av Gneist må dette laget både knipa inn NBK sine tre poeng, og ein betydeleg målforskjell, opplyser Pedersen.
Ned frå femte
Kvernbit spelar i 5. divisjon menn avdeling 1, her har dei hamna sist og rykker ned. Eikanger og Austrheim enda som nummer 10 og 11 i 5. divisjon menn avdeling 3, og ligg an til nedrykk også dei.
– I 5. divisjon er det i utgangspunktet det siste laget som skal ned frå kvar av dei tre avdelingane, pluss det dårlegaste av dei som er nest sist. Men i tillegg kjem det sannsynlegvis ned tre lag frå 3. divisjon, og dette gjer at dei to siste skal ned pluss det dårlegaste av dei som er tredje sist, seier Pedersen.
Laga i Eikanger si avdeling har spelt to færre kampar, sidan Floppen trekte laget sitt. Poenga må såleis reknast om i høve til dei andre avdelingane, utan at dette utgjer nok til å berga laget frå Ostereidet.
– Eikanger ser ut til å verta det sjuande laget som rykker ned, seier Pedersen, som likevel kan lokka med eit lite håp.
– Dersom eit lag skulle trekka seg, er det Eikanger som først vil få tilbodet om å stå i 5. divisjon.
Midt på
I 6. divisjon menn avdeling 3 vart Hordabø nummer fem, Nordre Holsnøy nummer seks og NBK 2 nummer åtte. Pedseren reknar med at det betyr spel i same divisjon i 2012 for alle tre.
I 7. divisjon menn avdeling 4 har Gulen og Masfjorden plassert seg midt på, utanfor rekkevidde for opprykk. Fedje er heilt sist, men sidan dette er lågaste nivå rykker ikkje laget ned.
– Kring 10. desember er det påmeldingsfrist for 2012, og så reknar me med å ha avdelingsoppsettet for neste sesong klart før jul, seier Torstein Pedersen.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





