Strilen / Sport / Nicholas (15) skal leia polosatsing
Brukernavn 
Passord 
 
Nicholas (15) skal  leia polosatsing

Nicholas (15) skal leia polosatsing

MELAND: Sist helg fekk Nicholas Eliassen Tveit spela ­kajakk­polo med dei beste i Noreg. No vil han freista andre til å prøva ein spennande sport.

Publisert 07.09.10 11:29
Endret 07.09.10 11:29

– Det er ikkje så mange i Noreg som har høyrt om kajakkpolo, men eg trur at det kjem til å verta meir kjent etterkvart. Det er mykje action. Eg får skikkeleg kick når eg spelar, seier Nicholas.
15-åringen frå Meland er medlem i Nordhordland padleklubb. Han har padla havkajakk i fleire år, men interessa for polokajakk er fersk.

På lag med landslagspelarar
– Det var Noregscup i kajakkpolo i Bergen sist helg. Eitt av laga mangla ein spelar, og eg fekk tilbod om å vera med. Eg var berre med på eit par polotreningar før cupen. Eg sleit litt med å halda følgje med dei erfarne spelarane, men det var utruleg moro, seier Nicholas.

Det var kanskje ikkje så rart. Fleire av lagkameratane hans er nemleg på landslaget i kajakkpolo, men opplevinga i Bergen gav meirsmak. No vil også den lokale klubben byrja med sporten.

– Dyktig padlar
– Klubben har tenkt på dette ei stund. I Bergensområdet er det berre ein klubb som driv med kajakkpolo, det er Puddefjorden kajakklubb. Dei har medlemer frå Nordhordland som speler kajakkpolo. Dei har gjort mykje bra og me er lystne på å få til noko liknande, seier Audun Håland i Nordhordland padleklubb.

Han har stor tru på Nicholas og meiner han er rette karen til å dra det heile i gang.

– Nicholas har drive med havpadling i ein del år og har vorte ein dyktig padlar. Han har gått Noregs padleforbund sitt teknikkurs i havpadling og planen er at han skal gjennomgå kursing for å verta aktivitetsleiar og hjelpa til med kursing i klubben, seier Håland.

Sjølv om havpadling og kajakkpolo er vidt forskjellige ting, kjenner Håland seg trygg på at Nicholas vil meistra utfordringa.

Startar forsiktig
– Me får låna fire polokajakkar av Norges padleforbund og håpar å setja i gang ganske snart. Me har ikkje så store ambisjonar i starten. Me satsar på å byrja som løkkefotballen, og så ser me korleis det utviklar seg. Eg trur det vert veldig moro, seier Håland.

Han vil hjelpa Nicholas med polosatsinga.
– Dette er ein sport som passar for alle og me trur spesielt at det kjem til å verta populært hjå ungdom, seier Håland.

Det er Nicholas heilt einig med.
– Folk tenkjer gjerne at det er litt kjedeleg å padla rett fram på sjøen, men det stemmer ikkje. Du kan ha veldig mykje moro med kajakk, og kajakkpolo er noko av det kjekkaste eg har prøvd. Det kan verkeleg anbefalast, seier Nicholas.

Mange planar
Håland meiner padling i ulike former er eit viktig supplement til det aktivitetstilbodet som alt finst i distriktet.

– Me har mykje sjø rundt oss og med ein kajakk kan du utfalda deg på sjøen på mange måtar. Klubben vår satsar breitt, får Strilen høyra.

Klubben leiger eit naust like ved Frank Mohn på Flatøy og jobbar for å leggja til rette slik at folk med funksjonshemningar skal kunna ta seg fram til sjøen her. Padleklubben har to doble kajakkar som eignar seg godt om rullestolbrukarar eller andre skulla få lyst på ein padletur.

– Å jobba for å gjera padlegleda tilgjengeleg for alle er eit ­satsingsområde for oss, seier ­Hå­land, som håpar mange let seg smitta av padlegleda.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler