Strilen / Sport / Nordhordland godt representert i Birken
Brukernavn 
Passord 
 
Nordhordland godt representert i Birken

Nordhordland godt representert i Birken

Del | |

Nordhordland sykkelklubb stilte mannsterke i Birkebeinerrittet. Gisle Clementsen vart beste lokale med ei svært godt tid. (Arkivfoto)

Publisert 01.09.11 12:16
Endret 01.09.11 12:16

– Me brukar å vera godt representert i Birken og det var me i år også. Det var folk frå klubben med både i Fredagsbirken og i sjølve Birkebeinerrittet laurdag. Det er mange som kan vera godt nøgde med resultatet, seier Espen Olsvik i sykkelklubben.

Godt nøgde
Gisle Clementsen frå Alversund vart beste lokale etter å ha sykla over fjellet frå Rena til Lillehammer på 3 timar og 20 minutt. Ei svært god tid. Øyvind Kårbø og Espen Olsvik kom også i mål på godt under fire timar. Kårbø sykla på 3,32 og Olsvik på 3,35.

Betre forhold enn i fjor
– Dette var femte gongen min og eg er rimeleg fornøgd. I fjor var det skikkeleg kaldt og surt. I år var temperaturen fin og me kunne sykla med lette klede. Det hadde regna mykje i dagane før rittet, så løypa var rimeleg våt og tung, og det kom etterkvart litt regn på oss også, men det vart ikkje på langt nær så gale som i fjor. Årets ritt vart ei god oppleving, seier Olsvik til Strilen.

På grunn av nedbørsmengdar og slitasje i løypa hadde arrangørane gjort fleire utbetringar.

– Det gjorde løypa litt lettare nokre plassar, men eg håpar ikkje dei har tenkt å gjera meir enn dei har gjort no for då forsvinn litt av sjarmen. Eit terrengritt utan terreng er ikkje noko særleg, meiner han.

Ungdomen kjem etter
Når det gjeld resultat frå årets ritt synest Olsvik også at det er verd å merka seg Anders Lundøy (17) som debuterte i Birken. Han sykla i klassen menn 16-17 år og kom i mål med tida 4,20

– Det er veldig, veldig bra.  Ungdommane i klubben vår utviklar seg bra. Han var den einaste av dei som deltok i Birken, men same helga hadde me ein gjeng med i eit ritt i Åsane. Det er eit teknisk krevjande ritt med mange svingar. Dei har ikkje øvd på det enno, så det vart ikkje dei beste prestasjonane, men me er veldig stolte av ungdommane våre. For tida har me ein gjeng på 15-16 stykk som trenar jamt. Det lovar bra for framtida, seier Olsvik.

Vinnar av eliteklassen i Birkebeinerrittet i år vart Stian Remme som sykla for Joker/Merida. Han sykla løypa på 2 timar, 54 minutt og 52 sekund.

 

Lokale resultat
Birkebeinerrittet
Lundøy, Anders Skjold, (Menn 16-17 år)    4,20
Clementsen Gisle, (Menn 35-39 år)           3,20
Øyvind Kårbø, (Menn 35-39 år)                 3,32
Olsvik Espen, (Menn 35-39 år)                  3,35
Gausreidet Ivar, (Menn 35-39 år)              4,42
Vaage Stein Erik, (Menn 40-44 år)            4,34
Sandstad Rolf, (Menn 55-59 år)                4,15

Fredagsbirken
Sylta Even,  4,21
Skoge Ole Gerhard, 6,21

Dei som står oppført på lista her sykla for Nordhordland sykkelklubb. I tillegg stilte det ein del lokale for ulike bedrifter og utan å vera tilknytta ein klubb.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler