Strilen / Sport / Nordhordland rundt dagen før nasjonaldagen
Brukernavn 
Passord 
 
Nordhordland rundt dagen før nasjonaldagen

Nordhordland rundt dagen før nasjonaldagen

Del | |

Kryss av 16. mai i kalenderen, då er det nemleg Nord­hordland rundt på sykkel.

Publisert 16.01.09 17:31
Endret 16.01.09 17:37

Rittet drog 210 deltakarar i 2008, i det som var ein nystart etter mange år utan noko sykkelritt i regionen.

– Me fekk veldig gode tilbakemeldingar på rittet i fjor, seier Espen Olsvik, leiar i Nordhordland sykkelklubb.

Traseen vert den same som i fjor, start i Alversund, over Radøy og til Austrheim, over Lindås og til Seim, frå Seim via Myksvoll og Litleskare til målflagget på Tveiten. Ei løype på kring ni mil.

– I år satsar me på at ein lokal kan vinna, seier Olsvik med eit smil.

Startar ungdomsgruppe
Nordhordland sykkelklubb skal denne våren dra i gang ei ungdomsgruppe, for dei som er tolv år eller eldre.

– Me opnar også for at ti- og elleveåringar kan vera med, men då må dei ha med foreldra, seier Olsvik.
Ein dag i veka vert det trening for ungdommane, under leiing av syklistar i klubben.

– Etter kvart som ungdommane vert gamle og gode nok kan dei også vera med på fellestreningane.
Vona er at nokre foreldre vil vera med på trenarsida, slik at ungdommane kan få seg fleire økter i veka.

– Me får starta i det små og byggja oss opp etter kvart med ungdomsgruppa.

Ute frå mars av
Sykkelklubben har fått ny nettside, nordhordlandsk.no, og har fått fleire medlemmer den siste tida. No ventar syklistane berre på at gradestokken skal krypa såpass mykje oppover at det går an å ta tohjulingen ut av garasjen.

– Utetreningane startar i slutten av mars. Det vert som i fjor, intervall på onsdagar og Nordhordland rundt kvar søndag. Fram til det har me spinning på Studio Nor kvar torsdag, og det er framleis plass til fleire, seier Olsvik.

I tillegg til Nordhordland rundt så er det Bergen-Voss som er målet for mange i klubben. Enkelte skal også sykla eit ritt i Kristiansand kort tid før Bergen-Voss, 21 mil på Sørlandet som opplading til den lokale styrkeprøven.

Elles er Birken eit mål for dei få som har fått sikra seg startnummer, og nokre skal sykla FredagsBirken dagen før sjølve hovudrittet.

– I år er det også UM i Bergen (NM for ungdommar). Der vonar me å ha to juniorar med, Anders Fanebust og Daniel Rikstad. Dei vart nummer tre og fire i KM i fjor på heimebane, seier Olsvik.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler