Strilen / Sport / Nye løyper for Knarvikmila
Brukernavn 
Passord 
 
Nye løyper  for Knarvikmila

Nye løyper for Knarvikmila

Tysdag går fristen ut, om du skal sleppa etterpåmeldingsgebyret.

Publisert 30.08.10 18:10
Endret 30.08.10 18:10

Knarvikmila 2010 har ei rekkje distansar å by på, frå naturløypa til halvmaraton. Arrangementet har dermed noko for alle, anten no ein er mellom dei aller sprekaste, eller berre vil ha ein tur ut i naturen saman med andre. Påmeldinga skjer via nettstaden knarvikmila.no, og skal du sleppa etterpåmeldingsgebyret må du ordna dette i kveld.

Mindre på veg
Fleire av løypene er fornya sidan i fjor. Halvmaratonløpet laurdagen går frå Knarvik og til Frekhaug, opp til Fossemyra og tilbake via Fosse, vidare til vendepunkt midt på Nordhordlandsbrua, og så tilbake til Knarvik der det skal gjerast nokre rundar for å få rett distanse.
Både for halvmaratonløpet laurdag og fem- og tikilometeren søndag går starten utanfor sjølve Knarvik stadion, start er oppe i vegen opp mot det nye byggjefeltet i Juvikstølen. Og fem- og tikilometeren vert unnagjort inne i sjølve Knarvik, med mindre springing på E39 enn tidlegare.

Turmarsj
Nytt av året er ein turmarsj frå Bergen til Knarvik laurdag 4. september, med namnet «Bergen Fjord Tour». Den 26 kilometer lange løypa startar på Bryggen i Bergen, og følgjer stort sett den gamle postvegen utover til Nordhordland. Den siste biten går på gangveg over først Nordhordlandsbrua, Flatøy og Hagelsundbrua, og vidare til målpassering på Knarvik Stadion.
– Dersom ein ikkje vil gå heile marsjen frå Bergen til Knarvik, kan ein starta frå Kyrkjekrinsen skule i Åsane, heiter det i ei melding på Knarvikmila sin nettstad.

Konferanse og konsert
I tillegg til dei ulike løpa er det også dagskonferanse fredag 3. september på Nordhordland folkehøgskule, med tema «Frivillighet og skaparevne til beste for samfunnet». Det skal også vera to mindre samlingar, i kveld skal Linda Eide frå NRK kåsera i Knarvik vidaregåande skule under tittelen «VM i stillesitjing», og torsdag skal det vera eit helseseminar i Nordhordlandshallen, arrangert i samarbeid med Frivillighetssentralen i Lindås.
Fredag er det også eit konsert på Frekhaug med Hot Club de Norvege, der Knarvikmila er arrangør.




Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler