Strilen / Sport / Nye sprell blant høge fjell
Brukernavn 
Passord 
 
Nye sprell blant høge fjell

Nye sprell blant høge fjell

Del | |

Matre skule har bytt bort stikkebuskane bak skulen mot ei flunkande ny sandvolleyballbane.

Publisert 24.11.11 14:30
Endret 24.11.11 14:32

Ordførar Karstein Totland hadde på seg ordførarkjedet for første gong ved den høgtidlege snorklippinga tysdag.

– Heng det rett veg på meg? spør ordføraren og justerer litt.

Dei fleste av skulen sine elevar frå 1. til 10. klasse ventar på tribunen medan rektor Liv Øydis Trædal og nestkommanderande Liv Brekken gjer alt klart.

– Kan me få ta på bana? spør ivrige elevar ved Matre skule i Masfjorden.

– Sanden er heilt urørt, for me har dekka til bana fram mot opninga, smiler Liv Øydis, minst like spent som elevane.

Høgtideleg opning
Først må snora klippast på høgtideleg vis. Ordførar Totland stiller seg opp ved bandet i raudt, kvitt og blått – ein rest etter kongebesøket for få år sidan.

– Her er eit godt eksempel på kva me kan få til når foreldre og helselag bidreg, og skule og kommune går saman, tala ein smilande ordførar.

Han oppmoda elevane til å ta initiativ dersom dei skulle ønskja å få til noko anna i framtida.

– Samhandlingsreforma gir kommunane eit nytt ansvar for folkehelsa. Det vil seia at om de held dykk friskare i livet, for eksempel ved å bruka denne bana, så sparer kommunen pengar og de sparer helsa, sa han.

Etterpå sette både vaksne og born visjonen i praksis. Opningskampen mellom skule­elevane og dei vaksne enda 26-16 til dei vaksne, utan at det dempa stemninga.

Nøgd med bytet
– Det er kjempeflott at me har fått denne bana. Før var det masse buskar og klatretre her, men dette er litt betre, seier Line Haugsvær (9) som går i 4. klasse.

– Veldig kjekt, seier Laura Emilie Dyrhovden (12) som går i 7. klasse.

Eva Konstanse Ludski (6) i 1. klasse har aldri spelt sand­volleyball, men gleder seg til å prøva.

Bana har kosta mellom 50 og 80.000 kroner å setja opp. Sanden kjem frå Sløvåg. Sahara var litt for langt unna denne gongen. Det er søkt om nærmiljømidlar.

– Me har fått litt tilskot frå Solheim, Haugsvær og Matre helselag. Og så lyt me ta noko på vårt eige budsjett, seier Liv Øydis.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler