Overraska i Shetland Race
Terje Sætre (til venstre) frå Austrheim og mannskapet hans segla den minste båten, men fekk beste tid i siste distanse i Shetland Race.
Endret 23.06.10 17:38
– Det var artig. Me sjokkerte nok litt, seier Terje Sætre frå Bakka i Austrheim. Han stilte i Shetland Race med båten Amante, også den heimehøyrande i Austrheim.
– Det er ein Mørebas på 33 fot. Det er ikkje så mykje. Vanlegvis er det dei store båtane som klarar seg best i Shetland Race.
– Måtte tenkja taktisk
Amante sigla med eit mannskap på fire, og brukte 43 timar og 50 minutt på turen frå Shetland til Bergen. Shetland Race går tur retur Shetland. Det var på siste stykke frå Leirvik til Bergen at Amante overraska.
– Det var lite vind på returen frå Shetland, så det vart eit «lureløp». Det var nesten vindstille. Me måtte tenkja veldig taktisk. Det var nok også det som gjorde at ein liten båt gjorde det så bra, seier Sætre.
Han har drive med segling i mange år, og var med for åttande gong. Amante er i utgangspunktet den treigaste av båtane i racet, difor smakte det ekstra godt å slå favoritten Rolf Hermansen og mannskapet hans. Men samanlagt var det Hermansen som stakk av med sigeren for niande gong.
– Tøffaste turen
Leiar i Nordhordland seglforening, Harald Matland, var også godt nøgd med racet.
– I at var det 37 båtar med. Fem av desse var lokale. Nordhordland seglklubb var blant dei som stilte flest båtar, seier han.
Nordsjøen er ofte lunefull og seglarane fekk ein spennande tur.
– Første del av racet var tøft. Me fekk stiv kuling rett i mot, så alle var heilt utslitne då dei kom fram til Shetland. Eg har vore med sju gongar. Turen bort er den tøffaste eg har vore med på. Heimatt derimot, var det lite vind, så det vart ei tolmodigheitsprøve. Mange båtar braut undervegs, men alle båtane frå Nordhordland seglklubb gjennomførte og fekk premiar i sine klassar.
– Aukande interesse
Med god bør brukar båtane i Shetland Race 27-28 timar på turen over Nordsjøen.
– Når båtane bruker over 40 timar, seier det sitt om forholda. Men det var ei flott oppleving uansett, seier Matland, som kan fortelja at interessa for segling er aukande.
– Det er mange som har fått augo opp for segling, og me ser at fleire og fleire kjøper seg båt. Dei fleste bruker båtane til mindre turar og deltek ikkje konkurransar. Seglbåtmiljøet er veldig positivt og det er kjekt å sjå at folk trivst på sjøen, får Strilen vita.
FRÅ AUSTRHEIM: Amante høyrer heime i Austrheim, men denne veka har båten og eit mannskap på fire målt krefter med Nordsjøen (Alle Foto: Shetland Race).
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






