Padleklubben kan få Inkluderingsprisen
Audun Håland har funne seg godt til rette i kajakken, og han vil gjerne at andre skal få oppleva det same. No kan padleklubben få inkluderingspris.
Endret 15.11.11 12:40
Hordaland idrettskrets har nominert Nordhordland padleklubb v/ Audun Håland til inkluderingsprisen 2011. Dei har nominert padleklubben fordi dei har eit uttalt mål om å bli nummer ein på inkludering, og viser det gjennom handling.
I vår gjennomførte Nordhordland padleklubb (NHP) eit eige padlekurs for utviklingshemma og deira støttekontaktar.
– Grunnkurset i havkajakk gjekk over åtte søndagar med totalt 16 timar. «Friskus-prosjektet» samla deltakarar frå fleire kommunar i Nordhordland, og hadde som mål å gje klubben kompetanse til å ta imot personar med utviklingshemming på klubben sine ordinære aktivitetar, heiter det i eit nominasjonsbrevet idrettskretsen har forfatta.
Minister
Friskus-padlinga var svært vellukka og klubben har også oppretta eit eiga arbeidsutval for Friskusar og eit verv som inkluderingsminister, som Audun Håland fyller. Vervet er oppretta fordi klubben har tatt eit aktivt standpunkt for inkludering.
I nominasjonen skriv idrettskretsen at klubben gjer sitt yttarste for at ulike grupper får den tilrettelegginga/tilpassinga som er nødvendig for at dei skal få oppleva meistring og tilhørigheit.
I tillegg til padlekurset for Friskusane har klubben blant anna samarbeida med Nav på Frekhaug og gitt symje- og padleopplæring til unge frå Eritrea. Klubben har også kjøpt inn ti polokajakkar spesielt med tanke på ungdom. Desse er mellom anna brukt på padlekurs for ungdom på Eknes.
Fleire grupper
Som eit ledd i vidare inkluderingsarbeidsarbeid ønskjer padleklubben også å leggja til rette for fleire grupper under andre arrangement i regionen, til dømes under Havsportveka i Austrheim.
«NHP er opptatt av å gje eit tilbod til ungdom som fell utanfor organisert idrett, til dømes når fotballaget skal «toppast». Padleklubben ser det som viktig å tilby ungdom ein arena for meistring og gode opplevingar» skriv idrettskretsen, som håpar at padleklubben når fram og får tildelt inkluderingsprisen for 2011.
Prisen vert delt ut av Norges idrettsforbund, og er eit verkemiddel for å auka statusen og setja fokus på det gode arbeidet som vert gjort i forhold til idrett for funksjonshemma. Prisen skal delast ut kvart år til og med 2015. Tidlegare vinnarar er Norges Bandyforbund, IL Kråkene og Gjellereåsen IF. Prisen på 100.000 kroner skal etter planen delast ut i januar 2012.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





