Strilen / Sport / Prestisjekamp på damesida
Brukernavn 
Passord 
 

Prestisjekamp på damesida

Del | |

LINDÅS/RADØY: I haust rykka Hordabø sitt damelag opp til tredjedivisjon, og neste år er det duka for prestisjeoppgjer mot ENK som er i same divisjon.
I 2007 starta ENK opp samarbeidslaget mellom Kvernbit, Eik­anger og NBK.

Publisert 27.11.08 12:11
Endret 27.11.08 12:16

 

Saman med Horda­bø kjempa dei om dei eine opprykksplassen til tredjedivisjon, og etter at ENK vann begge kampane dei i mellom rykka dei opp.

Stor respekt
ENK sitt unge mannskap har alt spelt ein sesong i tredjedivisjon, som enda med ein imponerande fjerdeplass. No ser dei fram til å møta Hordabø.

– Det er alltid kjekt å møta Hordabø. Dei har eit godt lag som me har stor respekt for, fortel ENK trenar Marius Silseth.
Trass i eit ungt lag klarte ENK sitt mål for førre sesong, som var topp fire. Neste sesong vert målet heva.

– Me går for topp tre, men det er mange gode lag der. Me skal jobba hardt gjennom vinteren for å få det til, og jentene er motiverte, seier Silseth.
ENK vil stabilisera seg i toppen av tredjedivisjon. I det lang løp er målet opprykk til andredivisjon innan 2012.

Første gong
Etter å ha vore overlegne i fjerdedivisjon i fjor tar Hordabø no steget opp i tredjedivisjon for første gong.

– Det vert spennande. I fjerdedivisjon er det mange dårlege lag, og no møter me lag som er gode i kvar kamp. Det vil vera ekstra motiverande for jentene, seier Hordabø-trenar Frode Myking.

Når det gjeldt kampane mot ENK ser han fram til det.

– Det er artig å møta ENK, men eg trur dei legg litt meir i det enn oss. Men me er sjølvsagt lystne på å revansjera tapa frå 2007, seier Myking.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler