Puddersnø til skitrekkopninga
MASFJORDEN: Alt på første opningsdag var det fullt hus i det nye skitrekket i Stordalen. 10-åringen Simen Fosse var ein av dei som kosa seg i løypene søndag.
Endret 29.01.08 17:43
Idrettslaget Bjørn West har alt hatt skitrekket i drift ei handfull gonger, i samband med testar og opplæring av dei som skal kjøra trekket.
Men søndag var første vanlege opningsdag, og kring 300 reiste til fjells for å prøva nyetrekket. Etter kvart som folk strøymde til, gjekk smila nesten heilt rundt på idrettslaget sine folk.
– No er det like mange her som det var på det meste sist sesong, sa Arne Berg etter ei oppteljing klokka 13.00.
Nokre djerve tankar, gjødsla med dugnadsiver og støttekroner, har gjeve Masfjorden eit tipp topp moderne skitrekk. Og det heilt utan at idrettslaget har sett seg i gjeld.
– Forskotteringa av tippemidlar er det einaste lånet på anlegget, seier Berg.
Arne Berg er dagleg leiar i Stordalen skisenter AS, eit selskap eigd halvt om halvt av Masfjorden kommune og idrettslaget Bjørn West.
– Men det er idrettslaget som tek seg av alt innan drifta av anlegget, seier Berg.
Så er det berre å håpa at vêrgudane tek seg av den snøen som skal til. I helga var det i alle fall topp forhold, med rikeleg puddersnø å svinga seg i, i tillegg til dei preparerte løypene.
550 meter
Nyetrekket er på 550 meter, og tek deg opp frå 500 til 640 meter over havet. Eit kjekt løft for alle som likar nedoverski, men som helst vil sleppa å gå fiskebein opp att.
Det er preparerte løyper på begge sider av det nye hovudtrekket, og så skal det gamle tautrekket brukast til barnetrekk.
– No må me venta på meir snø for å opna barnetrekket, sidan det kryssar ei elv, seier Berg.
Til sommaren er det meininga å leggja denne elva i røyr, slik at barnetrekket kan opnast tidlegare.
På gang
Om mykje er gjort så har idrettslaget framleis ting på gang. Ein toalettkonteiner er undervegs, og søndag vart siste hand lagt på flaumlysanlegget.
– Me skal ha kveldskjøring her kvar tysdag, seier Arne Berg.
Skisenteret har kjøpt inn skiutstyr for utleige, både snøbrett, slalåmski og telemarkski.
– Me har vel 50-60 par med ski, både til store og små, seier Berg.
Alle stilartar var då også i sving i trekket søndag, og det var både folk som var flinke på ski, og dei som skal verta det.
Plass til 45
Med 110 T-krokar i trekket er kapasiteten på kring 45 personar. Søndag fekk idrettslaget testa kapasiteten til fulle, då masfjordingar, gulingar og folk frå heile Nordhordland strøymde til for å testa nyetrekket. Til og med eit par bergensarar hadde svinga til venstre i Vågsbotn, slik at dei hamna i Stordalen i staden for i Eikedalen eller på Voss.
Men bergensarar kan vera brukande til mykje dei og, for det var nettopp to slike som redda journalisten ut frå den snøfonna han hadde parkert i.

550 METER: Trekket har ein kapasitet på 45 personar.
SMILER: Jan Olav Fosse (til venstre) og Arne Berg kan smila breitt, søndag vart det nye skitrekket i Stordalen opna. Berg er dagleg leiar i Stordalen skisenter AS, Fosse er driftsleiar for trekket.
Eit steg vidare for «Gullvegen»
Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.
Blant Hareides topp tre
Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.
Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør
LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.
Kjørte på land i fylla
LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.
Siste kortnytt
- Fire beltegebyr på Fedje [22.02.12 15:38]
- Fekk dårleg samvit [22.02.12 15:38]
- Fyrverkeri på bensinstasjonen [21.02.12 10:22]
- Åtti i femtisona [21.02.12 10:21]
- Utforkjøring på Lauvås [18.02.12 21:51]
- Brosvik ny leiar i Gulen KrF [15.02.12 16:12]
- Elevdyst i sveisefaget [15.02.12 16:18]
- Overtek ny veg i Litlebergen [15.02.12 16:08]
- Stadvis svært glatte vegar [15.02.12 09:40]
- Opprykk for Masfjorden [13.02.12 18:28]
- Krimdominans på utlånsliste [13.02.12 18:22]
- Hjellebollar i Knarvik [13.02.12 18:19]
- Maurstad også til Fedje [08.02.12 18:34]
- Kulturskulen i Lindås på nett [08.02.12 18:24]
- Ny runde for Sæbørevyen [08.02.12 18:23]
- Traktor i grøfta [06.02.12 12:55]
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
Mest lest
- Dødsulukke i Hjelmåstunnelen [08.02.12 15:19]
- Politi på fisketur [09.02.12 18:43]
- Trafikksmell på Lindås [15.02.12 14:09]
- Skal det vera ein ubåt? [06.02.12 13:08]
- Må fjerna fire tiltak eller få bot [09.02.12 09:58]
- Hadde narkofabrikk heime [06.02.12 13:10]
- Evas private spa [18.02.12 17:34]
- Ellevill NM-jubel [14.02.12 09:17]
- Men gjerdet var lovleg likevel! [15.02.12 16:06]
- Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja [09.02.12 18:54]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Protesterer mot «tvilsam» ankring [02.02.12 10:32]
- Kjørte på land i fylla [19.02.12 00:21]
- «I Nigeria då bilen vart stolen» [17.02.12 17:17]
- Tre mistenke for fyllekjøring [30.01.12 10:29]
- Fekk krympa Lindåshallen [31.01.12 12:02]
- Brassfest i Bergen [11.02.12 13:34]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]





