Strilen / Sport / Radøy/Manger i tredje etter Hovding-målfest
Brukernavn 
Passord 
 
Radøy/Manger i tredje etter Hovding-målfest

Radøy/Manger i tredje etter Hovding-målfest

Del | |

LEIKVANG: Overbeviste stort i den andre opprykkskampen, og slo Hovding 10-1 over to kampar.

Publisert 03.11.11 08:22
Endret 03.11.11 08:22

Radøy/Manger opna klart best i den andre og avgjerande opprykkskampen, som gjekk på Leikvang gras tysdag. Alt etter to minutt sklir ein Hovdingspelar i det våte graset. Sindre Marøy får ballen igjennom åleine med keeper, og lobbar over og i mål. To minutt seinare fekk Marøy eit innlegg frå Raymond Kviste, og nikka inn 2-0.

Etter sju spelte minutt redu­serte Hovding til 2-1, men oppgåva var alt ganske håplaus sidan heimelaget på dette tidspunkt måtte ha seks mål for å vinna samanlagt.
Med 5-1 til pause var kampen kjørt, men Radøy/Manger gav seg ikkje. Etter kvilen puttar Sindre Marøy sitt fjerde for dagen, og Gisle Mjøs avsluttar til 7-1.

Jubel
I garderoben etter kampen vart champagnen spretta, og Radøy/ Manger kunne jubla for opprykk til 3. divisjon.
Trenar Magnar Fjeld gler seg over opprykk, og over ein god kamp.

– Første omgang var veldig bra av oss, med tidlege mål. Andre omgang vart øydelagt av regnet, men alt i alt ein godt gjennomført kamp, seier Fjeld.

Radøy/Manger blei det laget som skåra mest i 4. divisjon, og toppskårar for laget vart Sindre Marøy, med 25 mål i serien.
– Særleg etter at Marøy kom med, har det vorte ein del mål, seier trenar Fjeld.

Trenaren vil ikkje spå for mykje om 2012-sesongen.
– Det kjem litt an på dei andre laga i avdelinga me skal spela i.

Husbyggar
Målkonge Marøy vert neppe med på alle kampar i 2012, ingeniøren og tømraren skal nem­leg i gang med husprosjekt.

– Eg har ingen andre planar enn å bli i Radøy/Manger. Men eg har eit hus eg skal bygga, så eg trur ikkje at eg får spelt så mange bortekampar, seier Sindre Marøy.

Æra for toppskårartittelen delar han med spissmakker Raymond Kviste.

– Toppskårartittelen kunne like godt gått til Kviste. Me to har fått til eit godt samarbeid, og eg har fått mange pasningar frå han, seier Marøy.

Spissen fekk ein liten smell i foten i første omgang, og vart bytta ut like etter pause. Bytte var det elles rikeleg av, Radøy/ Manger brukte heile 18 spelarar, tre av dei i junioralder.

– Det er kjekt at så mange får spela i dag, seier Sindre Marøy.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler