Strilen / Sport / Sandra (14) keeper for damene
Brukernavn 
Passord 
 
Sandra (14) keeper for damene

Sandra (14) keeper for damene

Del | |

Keeper Sandra Bergetun (15 år i mai) debuterte tysdag for ENK sitt damelag på Knarvik kunstgras.

Publisert 28.03.08 18:13
Endret 28.03.08 18:09

– Eg var litt nervøs for å spela mot eldre spelarar, må Sandra vedgå. Men ho synest det gjekk greitt etter at ho fekk spela heile andre omgang for ENK i treningskampen mot Gneist.

Og kampen var ho med på å vinna 4-1. Måla til ENK var ved kaptein Ida Tangedal (2) og Karianne Snekkevik og Helene Daae eitt mål kvar. 

– Eg trudde eg skulle sleppa inn eit skot til, men klarte å slå ballen til hjørnespark, seier Sandra.

Sandra er berre første års jentespelar, og ho er eitt av dei mange unge talenta på jentesida i Nordhordland.

– Eg har spelt fotball sidan eg gjekk i 2. klasse. Etter kvart mangla laget keeper, så frå 3. klasse har eg spelt der. Det kan vera artig å spela ute på bana også, men eg likar meg best i mål, fortel ho.

På NBK sitt lag jenter elite trenar ho tre gonger for veka. Torsdag og måndag har ho også keeper-trening med det felles damelaget, og håpet er at ho etter kvart også får sjansen til å spela seriekampar med damelaget.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler