Sjøløver laga lokalt treff
GULEN: Ei gruppe ivrige padlarar reiser rundt i landet for å oppleva flott natur. I helga gjorde dei strandhogg i Eivindvik.
Endret 18.02.10 16:05
– Gulen har ei fantastisk flott sjølinje som eignar seg godt til padling, og Eivindvik er eit fint utgangspunkt. Me la treffet vårt hit i håp om at fleire skal oppdaga dei mulegheitene som finst her, seier Kjell Berland frå Alversund.
Han var ein av 24 padlarar som var med på padletreffet.
Fann tonen på Internett
Gruppa som kallar seg «Sjøløvene», vart til etter at padlarar frå ulike stader i landet fann tonen på eit internettforum. Nokre av dei som var på forumet, reiste på ein tur i lag, og så balla det på seg. Dei siste åra har padlarane reist på ei rekkje turar. Sjøløvene kom til Eivindvik fredag kveld og vart verande heile helga.
– Me budde privat og vart varta opp av tre blide damer frå bygda som driv med padling. Hanna Rossabø Turøy, Signe Haugejorden og Brita Birknes Stendal gjorde sitt beste for at me skulle trivast. Me fekk servert det beste av det beste frå Gulen, seier Berland, som let seg imponera av lokal mat og natur.
Fersk sjømat
Padlarane kunne gle seg over fersk kreps frå Sognefjorden og smakfull baccalao. Og dei la sjølvsagt ut på tur sjølv om snøen ligg heilt ned i fjøresteinane.
– I tillegg til lokale padlarar samla treffet folk frå Oslo, Telemark, Trondheim og Herøy. Dette er folk som padlar heile året. På denne turen hadde me kjempeflotte forhold. Laurdag var me langs Hisarøy. Når ein padlar på denne tida av året, er det ekstra viktig å tenkja tryggleik, difor hadde me avtale med følgjebåt og tilpassa ruta etter forholda. Det gjekk veldig greitt, seier Berland.
Gav meirsmak
Søndag padla gruppa frå Eivindvik til Gulatingsstaden der dei fekk omvisning. Harald Haugejorden fortalte også litt om kva som har skjedd her oppigjennom tidene,
– Det var veldig kjekt, og me lærte mykje nytt. Det vert nok ikkje siste gongen Sjøløvene tek turen hit, seier Berland.
Han kan fortelja at padlarar i Gulen jobbar for å få til ein padleklubb for å fremja padleinteressa og gjera sitt for å gjera det kjent for andre at kystlinja her er flott for padling.
– Gulen og Eivindvik har utruleg mykje flott å by på, så eg håpar verkeleg at fleire lokale får lyst til å byrja med padling, seier Berland.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






