Steggsjura sigra i storløp
HOPSDAL: Tårene spratt hjå familien Fjellstad, då kaldblodshoppa Steggsjura laurdag trava inn til siger i det største løpet for 5-års hopper i landet.
Endret 16.08.12 09:35
Eivind og Britt Hege Fjellstad driv Stall Fjellstad øvst i Hopsdalen i Lindås. Dei leiger og trener kaldblodshoppa, som laurdag vann DNT sitt løp for 5-års hopper – eit av dei gjevaste løpa i Noreg.
Avlyste Europa-ferien
Familien på fire hadde planlagt tre veker i bobil rundt i Europa, men ferien rauk då Steggsjura kvalifiserte seg til storløpet for tre veker sidan.
– Då vart det vart hest, hest, hest, i staden. Når ein driv med trav, vert ein veldig overtruisk, så når ein står framfor eit løp gjeld det å halda på rutinane, seier Britt Hege.
Heile familien reiste til løpet med hesten. Dei tok inn på ein gard i Hokksund natta før.
Kontrollerte temperamentet
– Å overnatta i Hokksund gjorde at me kunne kjøra til travbana rett før oppvarminga, slik at ho ikkje stressa seg opp for tidleg, seier Eivind.
Kusk Øyvind Austevoll og Steggsjura hadde vunne kvalifiseringsløpet lett, men ingen turte å ta noko for gitt i storløpet. Ikkje eingong då Steggsjura storma ned oppløpssida i tet og folk snudde seg for å gratulera dei, klarte Eivind og Britt Hege Fjellstad å tru på at det heile skulle enda så bra. Men hoppa som hadde galoppert i halvparten av løpa sine siste året, takla nervane og trava inn til siger.
Litt enten eller
I dag er det lite som minnar om konkurranse i grøne, sommarlege Hopsdalen. Steggsjura nyt sola i avslappa positur.
– Slik er ho berre her heime. Med ein gong ho ser ei travbane asar ho seg opp til ho dirrar, seier Britt Hege Fjellstad.
Steggsjura har dei hatt sidan ho var to år. Dei såg med ein gong at ho hadde talent, men ho var litt trøblete. I fjor vår begynte ho å gå løp. Halvparten enda i galopp, men ho vart blant dei tre beste i 15 av 25 løp og vann åtte. Med andre ord, har det vore litt enten eller om ho skulle gjennomføra.
Trivsel gjev utteljing
Tid og tolmod på trening har vore nøkkelen til resultata Stall Fjellstad no kan visa til.
– Det gjeld for oss å roa ho ned og ikkje gira ho opp når ho skal på bana, seier Eivind.
Eivind kjører Steggsjura to gonger i veka. Avkoplinga for hesten er lange dagar på beite og to til tre skogsrideturar med Britt Hege i veka.
– Hestar er som menneske. Dei må trivast for å gjera det bra. Me jobbar mykje med trivselen for hestane me har her, seier Britt Hege.
Feira med biff
Det vart eit sirkus av blomar, journalistar og jubel, då hesten gjekk over målstreken. Den som summa seg først, var sonen Tomas (11).
– No kan me vel eta biff på restaurant! utbraut han, då han forstod at førstepremien på 250.000 kroner var i boks.
Premien vert rett nok delt mellom eigar av hesten, Torill Håvardstun, kusken og Stall Fjellstad, men foreldra synest ikkje at dei kunne nekta sonen livretten sin denne gongen. Premiepengane går elles til å styrka drifta. Den tapte ferien tek dei att med ei veke i syden i vinter.
Spennande framtid
– Først og fremst gir ein slik siger motivasjon til å fortsetja, seier Eivind.
Stall Fjellstad har hatt gode hestar i stallen før, men dette er første gong dei har hatt ein hest som går frå å vera nybegynnar til å skulle kniva i tyngre, tøffare løp så raskt. Steggsjura har hoppa med rundt 318.000 i grunnlaget sitt på to månader, eit kraftig karrierehopp for hoppa. Det betyr spennande tider framover, men Fjellstadane tek det med stor ro.
– Me kjører Steggsjura sjeldnare i løp enn andre nok ville ha gjort, for å spara litt på ho. Me vil velja løpa framover med omhu og har ikkje fastsett neste løp enno, seier Britt Hege.
– Steggsjura er tøff og sterk, men me skal ta det fint framover, seier Eivind.
- Ikkje la oss betala rekninga!
MELAND: Tilsette i reinhald- og vaskeritenesta i Meland demonstrerte utanfor rådhuset onsdag. Dei fryktar for jobbane sine. Seinare på dag gjekk eit fleirtal i formannskapet inn for at kommunen må innhenta anbod på delar av desse tenestene, og å be rådmannen vurdera konkurranseutsetjiing også for Meland sjukeheim og heimetenestene.
Vil gje Skodvin utsetjing
LINDÅS: Nedlegging av den kommunale Skodvin skule bør utsetjast eitt år, meiner eit klart fleirtal i levekårsutvalet i Lindås (bilde).
Radøyløpet vart folkefest
Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Frantzen (nr. 60) raskast.
Folkemøte på Byrknes
GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.
Ayla måtte avlivast
MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.
Lathi på Everest for andre gong
Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.
Siste kortnytt
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
- Luftsport på nett [22.04.13 11:35]
- Banknedlegginga på Lindås vedtatt [22.04.13 12:30]
Mest lest
- Ayla måtte avlivast [19.05.13 21:46]
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Mongstad evakuert [07.05.13 14:07]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]



