Strilen / Sport / Strilane slo frå seg
Brukernavn 
Passord 
 
Strilane slo frå seg

Strilane slo frå seg

Lokale utøvarar kunne visa til fleire gode plasseringar under junior NM i friidrett på Askøy i helga.

Publisert 09.08.10 18:06
Endret 10.08.10 15:21

Over tre dagar konkurrerte gutar og jenter, i to klassar, 15-19 og 19-22, i ei rekkje øvingar, som kulestøt, diskos, spydkast, 200m, 200m hinder og 2000m hinder.Rundt 500 deltakarar var med, deriblant fleire deltakarar frå Nordhordland. Bertine-Helene Færø og Halfdan-Emil Færø konkurrerte begge i 2000m hinder, klasse junior 19, medan Sandra Sudmann konkurrerte innan diskos.  

Ny pers
Søskenparet Færø leverte gode prestasjonar, kanskje spesielt Bertine, som noterte seg med ny personleg rekord, og ein respektabel 4. plass. Noko løpstalentet var godt nøgd med, sjølv om det ikkje vart pallplasering.– Det var litt surt med fjerdeplassen, men det vart no ny pers.Innan øvinga var Ingeborg Løvnes frå Sportklubben Vidar suveren, med ei tid på 6.41. Deretter fulgte andre- og tredjeplassen med tidene 7.00 og 7.04, og knappe ti sekundar seinare Bertine med 7.14. Også broren til Bertine gjorde det bra, om enn ikkje så bra som han hadde håpa på. Tida 6.07 heldt til ein tredjeplass, fire tunge sekund bak andreplassen. Trass i tredjeplass var ikkje Halfdan begeistra over sin eigen prestasjon.– Eg er ikkje heilt nøgd. For ikkje lenge sidan sprang eg på 6.04, seier ein tydeleg sliten Halfdan. 

– Som forventa
Innan diskos måtte Sandra Sudmann ta til takke med ein fjerdeplass i klassen junior 22, etter eit kast på 33,88m. Dermed såg ho seg slått blant anna av Trude Raad, som slo til med  49,87m, noko som heldt til siger i øvinga. Sandra tok det heile med knusande ro. Ho forventa ikkje å kjempa om ein førsteplass.– Det gjekk som forventa eigentleg.  Det vart årsbeste, men eg har eigentleg ikkje trent så mykje diskos. Eg driv jo med handball og, seier Sudmann.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler