Sykkelklubben med triatlon
Nordhordland Sykkelklubb arrangerer klubbmeisterskap i triatlon. Meld deg på du og!
Endret 20.10.11 12:25
Per i går var det tretten gutar og seks menn som hadde meldt seg på til konkurransen laurdag. Deltakarane startar med symjing i bassenget i Radøyhallen, deretter er det over på to hjul og sykling inn til Knarvik, før konkurransen vert avslutta med joggesko i Brekkeløypa rundt Knarvik stadion.
– Me har to klassar. Ein klasse har 250 meter i bassenget, 22 kilometer sykkel, og ein runde springing i Brekkeløypa. Den andre klassen har 500 meter i bassenget, 22 kilometer på sykkel og to rundar i Brekkeløypa, seier Øystein L. Iversen i Nordhordland sykkelklubb.
Konkurransen laurdag er for medlemmene i sykkelklubben. For meir info og påmelding sjå klubben si heimeside, www.nordhordlandsk.no
Første gong
Ein del medlemmer har prøvd seg på triatlon andre stader, men det er første gongen klubben slår til med eit uformelt klubbmeisterskap.
– Tanken er å laga til ei treningsøkt som er ei lita utfordring for folk.
Sykkeletappen går frå Manger via Sæbø til Knarvik, slik at dei unngår strekket med 80-sone.
– Me har ein del foreldre som stiller opp som vakter i løypa. Og elles vil dei eldste deltakarane passa på at alle er med.
Kle seg
Sjølv om det lir ut i oktober, er ikkje Iversen redd for kaldt og vått ver.
– Me var ute og sykla i stiv kuling på måndag, med storm i kasta. Desse karane som skal vera med står for ein støyt, dei kler seg etter veret, seier Iversen med eit smil.
– Etter målgang i Knarvik vert det brus og pizza.
Påmeldingsfristen er i dag torsdag 20. oktober.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





