Strilen / Sport / Sykkeltalent med proffdraum
Brukernavn 
Passord 
 
Sykkeltalent  med proffdraum

Sykkeltalent med proffdraum

Del | |

Kristoffer Aase Vabø tek opp nyttig læring frå Knut Anders Fostervold i håp om å verta proff syklist.

Publisert 20.01.09 11:48
Endret 20.01.09 11:50

19-åringen frå Vabø i Lindås kunne lite om sykkel før han valde å gå Idrett-Puls linja ved Høgtun Folkehøgskule, fire mil unna Molde. Aase Vabø nyter opphaldet på skulen.

– Me har ingen lekser eller forventingspress. Her er det berre å trena og ha det gøy, fortel 19-åringen, som skryt av skulen han går på.

– Me har godt miljø på skulen og eg vil absolutt anbefala dette til andre.

På skulen har dei både spinningsal og treningsrom som dei kan nytta. 19-åringen som karakteriserer seg sjølv ein klatrar og best i motbakkar.

– Eg er 1,93 meter høg, og under 70 kilo så eg er nok ein klatrar.

Dyktig lærar
På folkehøgskulen er det den erfarne idrettsutøvaren Knut Anders Fostervold som er både lærar og trenar ved idrettslinja. Fostervold er tidlegare kaptein for fotballklubben Molde, men måtte legga opp grunna kne­skade i 2002. Etter dette har Fostervold utvikla seg til å bli ein av Noregs beste syklistar, med både norsk rekord på 10 og 20 kilometer temposykling.

– Det er veldig motiverande å ha ein så god trenar, fortel Aase Vabø som ikkje legg skjul på at Fostervold var ein av grunnane til at han valde idrettslinja.

– Han er veldig kunnskapsrik og har lært meg mykje om både kosthald og trening, skryter Kristoffer.

Treningsleir i Spania
Aase Vabø trener om lag 15-20 timar i veka, men når sommaren kjem, vert det fleire langturar ute.

– Om vinteren er det ofte mykje innetrening og då vert det litt færre langturar.

Ettersom Noreg er eit vinterland skal folkehøgskulen til Alicante i mars, på treningsleir.

– Det vert noko heilt anna enn å trena inne her i Noreg. I Spania er det flotte forhold og bra temperatur, seier 19-åringen, som alt har vore på treningsleir på Lanzarote.

Han reknar med at treningstimane i Spania vil verta rundt 25 timar i veka.

Steg for steg
Aase Vabø er ganske fersk innan sykkelsporten og set seg ikkje for høge mål.

– Eg drøymer om å verta proffsyklist, men det er ikkje noko eg tenkjer for mykje på.

Som dei fleste andre ambisiøse syklistar drøymer Aase Vabø om å sykla det store rittet Tour de France.
– Det er jo noko eg drøymer om, men det vert ikkje realistisk å tenkja på det no. Viss det skjer, så vil det verta om lang tid, fortel Aase Vabø. Han set seg kortsiktige mål i første omgang.

– Eg skal først og fremst skaffa meg meir erfaring i Norges­cupen, og heller auka ambisjonane deretter.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler