Strilen / Sport / Syklar Noreg rundt for kreftsaka
Brukernavn 
Passord 
 
Syklar Noreg rundt for kreftsaka

Syklar Noreg rundt for kreftsaka

Del | |

Éin av tre nordmenn får kreft. Christoffer Remøy Endresen mista bestefar og onkel til sjukdommen. No syklar han inn pengar til ­forsking.

Publisert 23.06.10 17:31
Endret 23.06.10 17:31

Turen starta i Fosnavåg, der Christoffer Remøy Endresen (18) kjem frå. Søndag denne veka kom han fram til Lindås, og overnatta på Bruvoll. Måndag sykla han innom Strilen i Knarvik for å fortelja kvifor han brukar sommarferien til å sykla 5307 kilometer.

– Eg mista bestefar min og ein onkel til kreft. Eg gjekk og tenkte på det heile dagane og det gjekk ut over både skule og trening, seier attenåringen.

Dette var i fjor vår, og Remøy Endresen vart så deppa at han ikkje fekk teke eksamen på gymnaset. Det tok ei stund før han kom seg skikkeleg på beina att.

– Eg bestemte meg for å setta meg eit ekstremt mål til inntekt for ei god sak. Det skulle vera noko ingen hadde gjort før, og som kunne vera til inspirasjon, fortel han.

Dermed la han planen om å sykla rundt heile Noreg til inntekt for kreftsaka.

Får følgje undervegs
Turen starta laurdag frå Fosnavåg, og då han kom til Knarvik måndag hadde han sykla godt og vel 25 mil. Det var 25 mil med selskap av ein onkel, samt medvind og sol.
– Eg måtte handla solkrem i dag, smiler Remøy Endresen.

På vegen har han også fått følgje av lokale sykkelklubbar. Dessutan følgjer far til Christoffer i ein bubil, med ekstra dekk, mat og ei god seng å siga ned i etter ein lang dag på sykkelsetet.

Tidleg i løypa låg han godt føre skjema, og i løpet av måndagen nådde han Haugesund. Onsdag var målet Lindesnes fyr, før han trakkar vidare mot Arendal, Skien, Gjøvik, Otta, over Dovrefjell og heilt til Nordkapp. Der vil han etter planen vera 13. juli. Den 28. juli skal han vera tilbake i Fosnavåg, etter 40 dagar på tur.

Vert kjendis på TV2
Då Remøy Endresen kom innom Strilen, var han kledd i sponsa sykkeldrakt. Berre på den har han fått inn 400.000 kroner.

– Det pågår også ei kronerulling, og målet er å samla inn éin million kroner til kreftsaka, seier han.

Heile sykkelturen og innsamlinga kan du lesa meir om på heimesida hans, norgerundt.com. Dessutan vil du sjå meir til Christoffer Remøy Endresen på i TV2 sine reportasjar rundt Tour de France i sommar.

– Eg var ikkje førebudd på all merksemda, seier syklisten smilande.
Men jo fleire som høyrer om sykkelturen, jo nærare er han den millionen.

– Viss ti tusen personar gir hundre kroner, så vert det jo éin million, seier han.

– Kanskje eg klarar meir? seier Christoffer Remøy Endresen håpefullt.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler