Strilen / Sport / Talent på raske bein
Brukernavn 
Passord 
 
Talent på raske bein

Talent på raske bein

Del | |

Ruth Dyngeland vann sin klasse i Ungdomsløpet på Knarvik stadion, men er ingen friidrettsutøvar.

Publisert 02.09.11 18:15
Endret 02.09.11 18:12

– Nei, eg speler fotball og rir, seier Ruth, berre lett andpusten etter å ha sprunge dei litt over to kilometrane på 8.46 minutt.

Ungdomsløpet, eit Knarvikmila arrangement, er no det største av sitt slag i Noreg. Alle ungdomsskular i Bergen og Nordhordland var inviterte til å delta, og 2200 elevar stilte til start torsdag, fordelt på seks klassar.

– Eg hadde håpa å komma blant dei ti beste i min klasse, men hadde inga aning om at eg kunne vinna, seier åttandeklassingen ved Knarvik ungdomsskule.

Vennene visste det
–  Veldig bra løpt, Ruth! Me visste du ville vinna, seier fotballvenninne Lisa Osa (12).

Ho og dei andre jentene som kjem springande for å jubla med, speler saman med Ruth på NBK sitt jenter 97/98 lag.
– Ho er veldig rask på fotballbana, seier Lisa.

Helge Brekke kom óg over for å gratulera etter løpet. Når han finn ut at ho går på Knarvik ungdomsskule, er det berre ein ting att å seia for friidrettsgeneralen.

– Ja, men då må eg ha tak i deg, smiler han og tar ho i handa.

Kan oppdaga talent
– Viss nokon vinn eit slikt løp må  ho anten vera veldig aktiv eller ha eit utruleg talent, seier Brekke til Strilen etterpå.

– Her må talentspeidarane vera vakne, smiler han.

Ungdomsløpet har som mål at ungdommane skal sjå på løpet som eit høgdepunktet blant konkurransar i løpet av eit år. Arrangementet skal vera ein motivasjon og trening for den yngre garde, og har vakse til å verta det største løpsarrangementet for ungdom i Noreg.

– Dagen har gått bra, og stemninga er god, men ikkje noko av dette hadde vore mogleg utan den fantastiske hjelpa frå Knarvik ungdomsskule, seier Brekke.

Det var mange springarar frå Nordhordland som hevda seg i løpet. Meland ungdomsskule hadde heile fire som kom blant dei tre beste i sin klasse. Håvard Glomnes frå Meland var først ut med å kapra 2. plassen i 8. klassen for gutar. Ruth Dyngeland vann jenteklassen. David Flatøy frå Meland vart dagens raskaste med førsteplassen for 9. klasse gutar, Håvard Haugsvær frå Sandnes kom på 2. plass i 10. klasseløpet for gutar, og det vart eit lokalt oppgjer mellom Amalie Lekva frå Meland og Marie Holmaas frå Lindås ungdomsskule i 10. klasseløpet.

Miljø- og trafikkurs
Det vart halde eit eige trafikkopplæringsprogram for 10. klasse. Dette var eit samarbeid mellom Trygg Trafikk, Statens vegvesen og politiet. Ein heldig 10. klassing frå Eidsvåg ungdomsskole vann eit gåvekort på 15.000 kroner som ho kan bruka til sertifikat eller trafikkopplæring.

For 8. og 9. klassane vart det halde miljøkurs, med vekt på søppelgjenvinning.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler