Taule ny Brann-speaker
Remi André Taule frå Alvermarka har fått jobben som speaker under Brann sine heimekampar.
Endret 13.01.10 17:45
Dermed tek 34-åringen steget ned frå setet sitt på Frydenbø-tribunen, og nesten heilt inn på Stadion-matta.
– Eg trur det vert kanongøy, og er audmjuk for at eg får denne jobben, seier Remi André Taule.
– Eg lovar å vera engasjert, men samstundes anonym, seier Taule, og legg til at han er oppteken av at speakeren ikkje skal stela showet.
– Først og fremst skal ein speaker informera, men eg skal nok klara å levera med engasjement når det må til.
Fast plass
Taule såg sin første Brann-kamp som tolvåring, og etter det har han vore meir eller mindre fast på Stadion.
– Med nokre få unntak har eg vel fått med meg det meste sidan 1987. Eg har også fått med meg min dose med bortekampar, men etter at eg fekk familie vert det berre ein eller to bortekampar i året.
Ein Brann-supportar får både opp- og nedturar.
– Nedturar har det definitivt vore, men lidenskapen forsvinn ikkje sjølv om laget spelar dårleg.
Gullfesten
Gullfesten i 2007 er eit sjølvsagt val når den største oppturen skal plasserast.
– Det var elleville dagar, heile oktober og ut i november 2007.
Taule hadde lenge sin plass på Store Stå, og var engasjert i supportermiljøet til SK Brann. Når Frydenbø-tribunen så vart klar, i det som før heitte Hansa-svingen, fekk han sin plass der.
– Eg har partoutkort, og skal halda på dette setet også i 2010-sesongen. Eg skal leiga setet ut til ein kamerat i år, men før eller sidan så treng eg det igjen sjølv.
Gjekk til Brann
Si eiga spelarkarriere hugsar han som ein frykta venstreving på gutelaget til NBK, med venstrefoten som innleggsfot.
Og dei som kan hugsa tilbake til å ha møtt Remi André Taule på grusbanene i Nordhordland for ein del år sidan, hugsar nok at han var temmeleg høg for alderen.
– Men då eg vart junior, fall eg gjennom.
Det var ein slags Brann-overgang som stoppa spelarkarrieren den gongen. Juniorlaget skulle ha kamp 16. mai, men Taule gav trenar Yngve Vetås beskjed om at han ikkje kunne stilla. 16. mai er kampdag for Brann, og ein tur på Stadion var viktigare enn kampen for NBK.
– Eg vart sett ut av laget i tre kampar som straff, og då slutta eg.
«Feiden» med trenar Vetås er i alle fall over no, trenaren er mellom dei mange som har sendt tekstmelding for å gratulera med speakerjobben.
– Vetås skreiv at no kunne eg få lov til å gå på Stadion og sjå kamp 16. mai.
Mange meldingar
Tekstmeldingane har hagla inn etter at Taule sikra seg det som må vera draumejobben for ein talefør supporter.
– Eg har fått mange hyggelege meldingar, og håpar berre at eg kan innfri alle dei hyggelege orda eg har fått. Som ein som har vore i miljøet i mange år, er det liksom ein av deira eigne som har teke turen ned frå tribunen. No må eg berre gjera jobben, elles så vert eg kjeppjaga ut.
Avtalen med Brann gjeld for 2010-sesongen, etter det skal begge partar evaluera og vurdera.
– Eg håpar at dette er noko eg kan halda fram med også etter 2010, men det er for tidleg å seia sikkert.
Taule er tilsett som ressurskoordinator i TV2 i Bergen, og kan ikkje ha andre inntekter enn frå TV-kanalen. Betalinga for speakerjobben sender han dermed vidare til Barneklinikken på Haukeland Universitetssjukehus.
– Eg gjer uansett ikkje dette for pengane, men for lidenskapen og opplevinga.
Planlegging
No må alle heimekampane til Brann plottast inn i kalenderen, og ferien tilpassast.
– Brann har to bortekampar på rad i juli, så ferien går nok OK. Elles så hadde eg nok vore der uansett, seier Remi André Taule.
Taule startar i speakerjobben i dag, under SK Brann sin treningskamp mot nyopprykka FK Haugesund. Kampen går i Vestlandshallen.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






