Strilen / Sport / Til topps i sjakk-NM
Brukernavn 
Passord 
 
Til topps i sjakk-NM

Til topps i sjakk-NM

MASFJORDEN: Yngve Rasdal spelar berre sjakk ein gong i året, men det var nok til å vinna NM.

Publisert 23.07.10 17:04
Endret 23.07.10 17:04

Tidlegare i juli slo 28-åringen ut dei 51 andre som stilte i klasse tre under sjakk-NM, som vart arrangert i Fredrikstad.
– Eg har spelt sjakk i fleire år, men det var no mest då eg gjekk på barne- og ungdomsskulen på Masfjordnes, seier Yngve Rasdal.
No er han tilbake nettopp der, frå hausten startar han som lærar ved Sandnes skule.
– Eg starta opp att med sjakken for fem års tid sidan, og har vore med på landsturneringa kvart år.
Sjakk-NM går over ei heil veke, med eitt parti kvar dag. Det kan vera ganske lange kampar, dette året hadde Rasdal eit remis (uavgjort), der han og motstandaren gav seg etter sju timar.
– Det hadde vore bittert om eg hadde tapt det partiet, seier Rasdal.
Av dei andre deltakarane frå Masfjorden Sjakklubb sikra Sigve Hølleland seg ein tredjeplass i klasse kadett B, Kjetil Andås fekk ein 17. plass i Lilleputt-klassen, og Odd Birkestrand vart nummer 24 i klasse senior A.

Sjakk og fotball
Rasdal er kanskje mest kjent for å bøtta inn mål for Bjørn West. Denne sesongen har det så langt vorte ni mål i 5. divisjon menn avdeling 2. Det er hakket bak veslebroren Stian Rasdal, som har notert seg for fjorten mål i år. Men Yngve reknar med å vera kongen ved sjakkbrettet.
– Eg trur eg skal vera så dristig å seia at eg skulle ha slått han, om me hadde spelt eit parti, seier eldstebror Yngve.
Stygge taklingar i knehøgde kan ein oppleva på fotballbana, slike er det lite av ved sjakkbrettet.
– Det kan komma ei kontring, men det vert i ei litt anna setting, seier Rasdal.
Fysisk krevjande kan sjakk likevel vera.
– Ein vert ganske sliten i skallen etter eit langt parti, som til dømes det eg hadde på sju timar.
Det er divisjonar i sjakk som i fotball. Dei yngste har sine klassar, og så spelar seniorane i divisjonar frå femte opp til første, og vidare til meister og elite.

– Ikkje flaks
– Sjakk er eit fascinerande spel. Det er ikkje styrt av terning og masse flaks, slik som i til dømes ludo og monopol, er Rasdal si forklaring på at han spelar sjakk.
Masfjorden Sjakklubb har engasjert elevar ved Sandnes skule i mange år. Den nyutdanna læraren reknar med at han skal vera med på å føra den tradisjonen vidare.
– Det er vel naturleg at eg engasjerer meg i klubben no som eg flyttar heimatt.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler