Strilen / Sport / Tobias (12) vann bil
Brukernavn 
Passord 
 
Tobias (12) vann bil

Tobias (12) vann bil

KNARVIK: Tobias Stusdal frå Sæbøvågen stakk av med hovudpremien i Knarvikmila.

Publisert 05.09.10 16:37
Endret 05.09.10 16:36

– Denne må me spara til eg vert 18 år, seier Tobias.
Søndag gjekk han naturløypa i Knarvikmila saman med familien sin. Det vart ein innbringande tur. I tillegg til minner frå ein flott dag i sola, kunne 12-åringen reisa heim med ny bil.

– Det var veldig overraskande. Då dei leste opp startnummeret, visste eg at det var ein av oss som hadde det nummeret, men me brukte litt tid på å finna ut kven det var, seier mamma Solgunn Tjore. Ho lova å hjelpa sonen med å ta godt vare på premien.
– Eg trur ikkje me har vunne nokon ting før, så det var moro med skikkeleg vinnarlukke i dag, seier ho.

Familien har to bilar frå før.
– Men det var likevel skikkeleg stas at Tobias vann ein slik premie, seier ho til Strilen.
Bilen, ein Citroën C1, er levert av Åsane Auto og var 1. premien under arrangementet. Bilen vart trekt på startnummer.
I Strilen tysdag kan du lesa meir om vinnarane og sjå mange flotte bilde frå Knarvikmila.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler