Strilen / Sport / Trenaren avgjorde lokaloppgjer
Brukernavn 
Passord 
 
Trenaren avgjorde lokaloppgjer

Trenaren avgjorde lokaloppgjer

Hordabø-trenar Svein Egil Christianslund skåra sjølv to mål og avgjorde lokaloppgjeret mot Nordre Holsnøy.

Publisert 02.07.10 16:30
Endret 02.07.10 16:30

Det var to jamspelte lag me såg i første omgang. Til pause var stillinga 0 – 0, og det var etter kvilen den braka laus. Hordabø fekk den viktige 1 – 0 skåringa etter 55 minutt. Like etter hadde Mads Takvam ein susar frå 20 meter som gjekk i tverrlegger. Skotet frå Takvam blei ikkje dømt innanfor, til NHIL-spelarane sin store frustrasjon. Etter 70 minutt skåra Christianslund sin andre for dagen, og på overtid sette Per Kristian Villanger spikaren i kista med 3 – 0.

 Matchvinnaren
– Det var ein jamn førsteomgang. Me var ikkje heilt på hogget, og det var Nordre Holsnøy som var mest aggressiv. I andre omgang er me betre. Då speler me fin fotball langs bakken og er farlegare framfor mål, seier spelande Hordabø-trenar og matchvinnar Svein Egil Christianslund.
Slipp inn for mykje mål
I dag var heimelaget gode bakover og klarte å halda nullen, men dette har ikkje vore regelen i år, med 25 mål imot på sju kampar.
– Det positive i dag er at me ikkje slipp inn mål, det har nemleg vore ein tendens for oss i vårsesongen, seier Christianslund.

To mål, men er ikkje nøgd
Sjølv om Christianslund skåra to mål og blei matchvinnar, er han ikkje heilt nøgd med eigen innsats.
– Eg skulle ønska eg var i betre form, men det kjem seg til hausten. Eigen innsats kunne vore betre, men det viktigaste er at me tar tre poeng, seier den tidlegare Danmark-proffen.  

– Må bli betre på bortebane
Hordabø er eit frykta lag på Bø-graset, men på bortebane har ikkje laget vore like gode i år.
– Me har hatt ein bra vårsesong, men me må bli betre på bortebane. Me har trua på at dette vil endra seg til hausten. Då er målet å kjempa i toppen.

– Manglar rutinen til Hordabø
Nordre Holsnøy kom til fleire store sjansar under kampen, men fekk ikkje ballen i mål. Oppmann Svein Ådlandsvik seier laget manglar rutine.
– Innsatsen er på topp i dag, men dessverre er me ikkje effektive framfor mål. Dette har vore ein tendens i vår. Resten av spelet er bra, men me manglar den rutinen Hordabø har.

– Dårleg innsats og oppmøte
Vårsesongen har ikkje gått som planlagt for laget frå Meland, og enkelte endringar må til etter ferien.
– Dessverre har innsatsen og oppmøtet på treningane vore litt dårleg i vår. Målet var å kjempa i toppen, og skal me klara dette, må me snu denne instillinga, seier Ådlandsvik.
NHIL mangla tre viktige spelarar til kampen mot Hordabø, nemleg kaptein Andre Skurtveit, spiss Christian Frønningen og midtbanespelaren Anders Fløysand.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler