Vann på første forsøk
LINDÅS: Ole Vabø (18) stilte til start i Romjulsløpet for første gong, og stakk like godt av med sigeren.
Endret 28.12.11 17:06
– Eg sprang heile løypa ein gong først som oppvarming, så då visste eg korleis eg kunne leggja opp løpet, seier Ole Vabø.
Han kjem frå Hundvin og spring for Aks 77.
Han har eigentleg hatt mange sjansar til å vera med på Romjulsløpet, men det har liksom ikkje vorte til at han har tatt turen. Ikkje før i år.
Bra forsprang
At han skulle stikka av med sigeren i løpet, hadde Vabø ingen forventningar om.
– Eg veit at Øystein Sylta har vunne Romjulsløpet mange gongar. Det er også ein del andre gode lokale løparar som brukar å hengja seg på, så eg såg absolutt ikkje for meg at eg hadde nokre vinnarsjansar, seier Vabø.
Men Sylta stilte ikkje, og 18 åringen frå Hundvin sprang bra og vann med god margin. Vabø vart klokka inn på tida 14.33, framfor Audun Martinsen som sprang på tida 15.02. Tredjeplassen blant herrane gjekk til Helge Færø. Han sprang den 3, 83 kilometer lange løypa på 15 minutt og 9 sekund. Beste kvinne vart Marianne Ervik som kom i mål til tida 18.19.
Fleire enn i fjor
– Det er ei grei løype. Litt kuppert, oppsummerar Vabø.
Han skal springa Holmenkollstafetten med Aks 77 i mai, og synest løpet var god trening.
At det er kjekt å ta seg litt ut i romjula, var det mange deltakarar som var samde i. Romjulsløpet med start og mål på Lindås barneskule er ein tradisjon i bygda og mange stiller år etter år uansett ver. Løpet vert arrangert 2. juledag kvart år.
Denne gongen var vêrgudane ikkje i godlag. Løparane fekk både regn og vind på seg. Likevel var oppmøtet i år betre enn i fjor. I 2010 hadde løpet rundt 80 deltakarar. I år stilte 95 på startstreken. Blant desse var ein bild gjeng frå Knarvik nord.
Godt å gå i jula
– Me hadde eigentleg ikkje tenkt å springa på tid, men no har me ombestemt oss. Me skal springa sjølv om me har regnklede på oss, flira Grethe og Harry Knarvik fem minutt før start.
– Når du et så mykje som det me gjer i jula, er det greitt å få litt mosjon også. Me var faktisk på tur i terrenget i går. Det var ganske vått, men det var kjekt likevel, seier dei.
Då Grethe og Harry la i veg saman med Olav Knarvik og Sophie Knarvik var borna Susanne Leikvoll, Sandra og Jonas Sleire på veg mot mål. Dei stilte i turklassen saman med Jørn Sleire og var godt kledde i regnklede. Regn fekk dei ikkje så mykje av på turen, men vinden blas friskt så Sandra måtte halda fast på sydvesten sin.
Etter rundturen i løypa venta gløgg og premieutdeling i gymnastikksalen.
Med mange erfarne deltakarar kunne arrangørane gjera det lettvindt. Det var sjølvforsyning av gløgg og uformell stemning på premieutdelinga. 35 deltakarar sprang på tid, resten stilte i turklassen utan tid.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





