Gjengen på Fagmøler Knarvik gler seg til nyopning med stor og god plass til våre kundar, og sjølvsagt gode opningstilbod! Fv: Grethe, Susanne, Håkon, Sandra og Tina. Malin, Greta og Kjetil var ikkje tilstades. Foto: Heidi Villanger

Akkurat no er det litt Texas hos Fyllingsnes Møblar. Sidan i sommar har dei pussa opp delar av den 2500 kvadratmeter store butikken i Knarvik.

Butikksjef Håkon Fyllingsnes vekslar mellom å rive opp teppeflis, rydde og å ekspedera kundar. Butikken har vore open heile tida, men no nærmar det endelege resultatet seg.

– Den nye butikken blir kjempeflott. I grunnen så pussar du opp heile tida når du har butikk. Det har stadig vore endringar på golv og veggar, men denne gongen har vi gått meir drastisk til verks, fortel Håkon, som lovar ei merkbar endring.

Vaks opp i butikken

Det var foreldra hans, Olav og Solveig, som starta butikken for 50 år sidan. For Håkon og søstra Monika var butikken ein naturleg del av oppveksten.

– Eg begynte å jobba her då eg var 12-13 år med montering og som sidemann. Etter kvart blei det meir jobbing i feriane, og då eg var 18 år fekk eg tilfeldigvis fast jobb i butikken, seier Håkon.

Åra gjekk og gradvis overtok han butikken etter faren, som gjekk bort i 2015. Sjølv om mora er pensjonist, gjer ho framleis litt kontorarbeid når det trengs. Hardt arbeid ligg i genene deira, og dei ser aldri på klokka.

– Butikk er ein livsstil og ingen dag er lik. Eg stortrivst når eg får møta kundar og vera med mine kjekke kollegaer, fortel Håkon, som veit godt at ingenting skjer av seg sjølv.

Takkar kundane for tilliten

Fyllingsnes Møblar har i dag ni tilsette som kjem frå lokalområdet. Møbelsalet strekkjer seg frå Nordhordland, Åsane, Bergen og inn til Sognefjorden. Butikken har lenge vore ein del av Fagmøbler, som har over 60 butikkar spreidd over heile landet.

– Butikkane i kjeda er hovudeigarar og tek alle avgjersler sjølve. Vi er kjent for å ha eit stort utval av skandinaviske kvalitetsmøblar til gode prisar. Bestseljaren vår er Skovby-serien, seier Håkon.

Fagmøbler var tidleg ute med å få nettbutikk og Håkon påpeikar at det er eit naudsynt supplement til butikken.

– Eg vil anbefale at kundane ser, prøver og kjenner på møblane før dei bestiller på nett. Vi har eit stort utval av stoff og forskjellige bein, og det er mykje å velja mellom. Framover vil det koma meir fargerike møblar, så det er berre å gleda seg, avslører Håkon.

Han håper at kundane kjem innom for å oppleva den nye butikken.

– Eg vil takka kundane som har gjort at vi har eksistert i femti år. Dei vil alltid vera dei viktigaste personane i butikken vår.

Gjengen gler seg til nyåpning i ny drakt. Foto: Heidi Villanger