Det tok berre ein dag for Nordhordlandsfirmaet Lyx å montera opp solcelleanlegget til Hugo. Stillaset stod klart etter at Eikanger bygg hadde skifta ut taket hans, og då var det berre å setje i gang med solceller.

– Ettersom renta er såpass lav kunne eg lika godt putta pengane mine på taket. Og no ser eg at eg får litt igjen for det også, seier Hugo fornøgd, som blei oppmerksam på Lyx etter ein artikkel i Strilen.

No synes han det er gøy å følge med på kilowattimar. I august blei han plusskunde og etter det har han levert overskot på straum.

– Rekorden min så langt er ein dag i august då eg produserte 87 kWt på ein dag. Det var ein fin dag. Framover blir timane med dagslys kortare og elproduksjonen går ned, men utover våren tar det seg opp igjen, fortel Hugo.

Gratis straum i fleire månadar

Hugo bruker Tibber som straumleverandør, som betaler han ei krone for dei første tusen kilowattimane. Dei siste månadene har straumrekninga blitt noko Hugo ser fram til.

– Når eg får straumrekning frå dei, står det null kroner å betale. Overskottet blir overført til neste månad. Eg kjem til å ha gratis straum i fleire månadar framover og ligg godt an no som straumprisen er så låg, seier Hugo.

Han vil anbefale alle som har hustak som ligg i syd og vestvendt med å slå til med solcelleanlegg. Sidan solcellepanelet går i eit med det svarte taket, er det i tillegg vanskeleg å leggja merke til anlegget.

Fleire vil ha solceller

Det er knapt eitt år sidan Leif Erik Gullanger, Vegard A. Larsen og Francis Rath starta opp firmaet Lyx, som leverer ferdig monterte solcelleanlegg til Nordhordland og Bergen. Kundane deira kan velje mellom ferdig monterte solcelleanlegg eller ein «gjer det sjølv»-utstyrspakke.

Ideen starta med at Leif Erik fekk solceller på taket og overtydde Vegard og Francis til å gjere det same. Sidan den gang har dei ikkje sett seg tilbake. Hittil har dei montert 16 anlegg og merkar ei auka interesse for produktet.

– Solcelle er ei betydeleg investering, men når du først gjer det, er det god butikk. Det er Hugo eit godt eksempel på. Her er det straumselskapet som skulder han pengar, fortel Leif Erik.

– Kven kan ha solcelleanlegg?

– Du treng eit tak eller eit areal ute som du disponerer, for du kan også setje det på bakken. Det fine med solceller på taket er at det ikkje er søknadspliktig. Sola står såpass høgt på himmelen i sommarhalvåret og då vil dei aller fleste få sol. Det du tapar om vinteren blir uansett lite, forklarar Leif Erik, som sjølv har solceller på vestvendt tak.

Fra venstre, Francis Rath, Leif Erik Gullanger og Vegard A. Larsen. Foto: LYX AS