Kløvheim Brass på Siddis for første gong: – Me har hatt fire øvingar i lag
I februar vann Eikanger-Bjørsvik sin tredje NM-tittel på rad. Laurdag kunne dei sikra seg sin tredje strake siger i Siddis Brass. Det skjedde ikkje...
For i ein «rysare» av ein konkurranse i Stavanger konserthus vann erkerivalen Manger Musikklag Siddis med sine 106 (10+96) poeng. Eikanger-Bjørsvik fekk 105 (8+97), fattige eitt poeng bak.
Det siste «anger»-bandet, Stavanger Brass Band, enda med 104 (9+95) og tredjeplassen.
Manger Musikklag, leia av dirigent Martin Philip Winter, vann også underhaldningsprisen.
Bjørsvik Brass enda på tiande, og sisteplass, i elitedivisjonen.
100 poeng er maks ein kan få for det musikalske, medan inntil 10 poeng kan bli gitt for programmet. Dette spelte Manger Musikklag under Siddis:
In time with Cubism My Mother is a Fish - Komponist: Martin Philip Winter
Rag for Igor - Komponist: Martin Philip Winter Solist: Sigurd Olsen - xylofon
Parades - Episodes from the Ballet - Komponist: Eric Satie Arrangør: Martin Philip Winter
Tears - Komponist: Martin Philip Winter Solist: Joe Cook - Eb tuba
Trumpets with Man - Komponist: Martin Winter Solist: Nick Walkley og William Grøv Skramsett - trompet
Dette spelte Eikanger-Bjørsvik under Siddis:
The Four Elements - Fire, Air, Water and Earth Fireball - Komponist: Fredrick Schjelderup
Window no.1 - Komponist: Svein Fjermestad
Air : Wind - Komponist: Reid Gilje/Andy Sheppard Arrangør: Reid Gilje
Water : The drop - Komponist: Frode Rydland
Earthquake - Komponist: Kjetil Djønne