Alle nødetatane rykte ut til Mongstad etter melding om ein gasslekkasje. Politiet varsla om hendinga klokka 18.07.

– Blir meldt frå staden at mannskapet er i ferd med å få kontroll på lekkasjen. Ingen personskade, opplyste politiet klokka 18.12.

110 Hordaland bekrefta dette.

– Det er meldt om kontroll på staden. Dei held på å stenge ned no, seier vaktkommandør Tore Fanebust like etter.

Ifølge han rykte brannmannskapar frå Austrheim og Lindås stasjon ut, i tillegg til industrivernet som held til på Mongstad.

Hendinga fann stad på Equinor sitt anlegg og ifølge BA blei kring 100 arbeidarar evakuerte.

– I tråd med prosedyrane blei dei som var på anlegget evakuerte, sett bort frå dei som skulle stenge lekkasjen og har beredskapsoppgåver, uttaler selskapets pressetalsperson, Morten Eek, til avisa.

Det var ei blanding av butan og propan som lekte ut.