Har du tips eller bilde om korleis vegforholda er? desk@strilen.no eller Facebook

– Enkelte stader legg snøen seg på vegen, men enn så lenge har me ikkje fått meldingar om problem til oss, opplyser trafikkoperatør Morten Hansen i Vegtrafikksentralen.

I morgontimene kom årets første snøfall, men Hansen meiner bilistene er førebudd.

– Ein skrik jo ikke høgt når ein ser litt snø på vegane. Me veit kva del av verda me bur i, flirer han.

Hansen seier vidare at saltebilar jobbar på spreng i heile fylket.

– Vegane er fine, og saltebilene gjer ein god jobb. Elles må ein jo berre kjøra etter forholdea, avslutter han.

Marås klokka 11 tysdag. Foto: webkamera/Statens Vegvesen
Ostereidet klokka 11 tysdag. Foto: webkamera/Statens Vegvesen

I kartet under kan du sjå trafikkbildet i Nordhordland og Gulen. Grønt betyr at trafikken flyter fint, raudt betyr kø.