SISTE OPPDATERING, LAURDAG KLOKKA 1640:

Politiet avsluttar redningsaksjonen ved Nordhordlandsbrua.

– Det er ikkje blitt gjort noko funn, og ingen er melde sakna i området, fortel operasjonsleiar Per Algrøy til Strilen.

Trafikken stod nesten i ro i rundt Flatøy og Klauvaneset laurdag ettermiddag etter at naudetatane har hatt ein redningsaksjon i Salhusfjorden i nærleiken av Nordhordlandsbrua.

Strilen har snakka fleire som har observert politi, brannmannskap og ambulanse på veg mot brua.

– Luftambulanse, redningsskøyte, brannbåt og mannskap på land deltok i aksjonen, fortalde operasjonsleiaren.

– Kva har skjedd?

– Me fekk melding klokka 1445 om at nokon har observert tre ulike sko på brua. Då rykka alle naudetatar ut.

– Har det blitt gjort noko funn?

– Ikkje som me veit akkurat no. Me driv framleis på å søke i området, opplyste Algrøy rundt klokka 16 laurdag.

Klokka 1620 informerte 110-sentralen at dei sende dykkarar i sjøen.

Klokka 1610 flaut trafikken fint over Nordhordlandsbrua.