JOBBAR MED NAMNET: Nina Bognøy (Ap), varaordførar i Lindås, leiar komiteen som jobbar med nytt namn på nyekommunen med Lindås, Meland og Radøy. Foto: Lindås kommune

Det seier Nina Bognøy, varaordførar i Lindås (for Ap), og leiar av namnekomiteen som er sett ned for å komma fram til namn på nyekommunen med Lindås, Meland og Radøy.

Fekk Strilen-namn

Måndag morgon var ho på plass i Strilen for å få lista med dei drygt 130 namneforslaga som Strilen sine lesarar har spelt inn.

– Dette er utruleg spennande, og ei liste me er glade for å få, seier Bognøy.

Ho legg til at dei alt har mange innspel på namn, både det som kom inn i samband med høyringsprosessen som gjekk i fjor, det som har komme inn direkte til ordførarane og i ein del andre fora.

– Og så opnar me no ein ny runde for å komma med innspel på namn, fram til 20. april.

Dine forslag kan sendast på e-post til namn@einkommune.no, eller per post til Meland kommune v/John Fredrik Wallace, postboks 79, 5006 Frekhaug.

Klare retningslinjer

Namnekomiteen skal så koka ned alle gode forslag til nokre få, og levera ei innstilling til den førebuande fellesnemnda, der representantar frå dei tre kommunane jobbar med å gjera klart til ei kommunesamanslåing frå 1. januar 2020.

– Fellesnemnda skal handsama saka i sitt møte måndag 15. mai, sa Bognøy.

Namnet skal vera eit geografisk namn og/eller eit stadnamn frå minst ein av dei tre kommunane. Det skal ikkje nyttast bokstavkombinasjonar henta frå dei noverande kommunane (t.d. LIMERA kommune), eller andre «opne namn» (som til dømes «Vår kommune»).

Trestemt vedtak

Inndelingslova seier at den nye kommunen må ha vedtatt namn før sommaren. Det betyr at kommunestyra i Lindås, Meland og Radøy må behandla det innstilte namnet frå komiteen i juni.

– Eg meiner me må ha fleirtalsvedtak frå alle dei tre kommunane på namn, seier Bognøy.

Førebels ser det ut til at møta i dei tre kommunestyra blir lagt til same dag, med 22. juni som arbeidsutgangspunkt.

Spørjeundersøking

Frå tysdag kan folk òg svara på ei spørjeundersøking på nettstaden einkommune.no, som er førebels nettstad for nyekommunen.

– Spørsmåla går på identitet, fellestrekk ved dei tre kommunane og liknande. Meininga er at svara frå undersøkinga skal vera med å danna grunnlag for komiteen sitt arbeid med nytt namn. Frist for å svara på undersøkinga er òg 20. april, seier Bognøy.

Du kan òg komma med forslag til namn i kommentarfeltet under denne artikkelen. Men les først gjennom namnelista over tidlegare innsende, slik at du ikkje kjem med allereie «brukte namn»