Flyg høgt og lågt over Nordhordland 17. mai

Visst vêret tillet det, vil Kjetil Grøttveit Dalseid gleda folk i ytre strøk, spesielt fedjingane, med akrobatikk frå lufta 17. mai.

Publisert:

17. mai skal Kjetil Dalseid fly det einaste norskregistrerte Yak 50-flyet, som han eig saman med Håvard Dale. Foto: Tom Braathen

  • Gunn Berit Wiik

– Me var ute 8. mai, så då må me ta ein tur 17. mai også, seier 33-åringen.

Planen er å starta på Leirvik på Stord klokka 10 om morgonen, og fly ute ved fjorden via Bjørnafjorden, Bergen, Tertnes, Arna og Knarvik. Sluttpunkt har han sett på Fedje klokka 16.00, der planen er å showa litt ekstra.

– Eg har vore mykje der ute, fordi me har familiehytte der. Difor tenkte eg dei skulle få litt ekstra, forklarer han.

Kjetil Grøttveit Dalseid kjem frå Eidfjord, men bur i Knarvik. Foto: Privat

Flyet han skal ut og lufta denne dagen, er ein Yak 50, eit russisk akrobatfly, som blei importert av Håvard Dale frå England.

– Flyet er den første og einaste Yak 50-en registrert i Noreg, og eg kjøpte meg inn i flyet i fjor, seier han stolt.

Les også

Skal sveve over Sør-Amerika i sitt eige fly

Saman med Dale eig han også eit svenskprodusert Saab safir-fly, som det norske forsvaret brukte å trena opp jagarflypilotar med, fortel han.

Dalseid har fått fått flyinteressa inn med morsmjølka, og starta i ung alder med seglflyging og fortsette med motorfly og mikrofly. Han tok raskt flyginga til neste nivå, og tok mørkeutsjekk, slepeutsjekk, akroutsjekk og sjøflyutsjekk. Etter kvart deltok han også i NM og Nordisk meisterskap i aerobatics.

Kjetil Dalseid flyr under navnet Vertigo Aviation, eit namn som ber preg av satsingsområdet hans, nemleg aerobatics.

Slik ser det ut når Kjetil Dalseid gjer sine akrobatisk manøvrar. Foto: Olve Erdal

Men verken veteranfly eller akrobatflyging er gratis. Difor har Dalseid, saman med Dale, hatt ein «spleis» gåande ei stund for å få dekka litt av kostnadane med oppvisingane sine. På denne fekk han inn 6.000 kroner, noko han er veldig takksam for. Men utan at han vil seia eksakt kva ein flytur tilsvarande den han skal gjera 17. mai, kostar, går han i alle fall ikkje i pluss med 6.000 kroner, fortel han.

Difor blir han veldig glad visst folk som likar det dei ser, donerer ein hundrings eller fem.

Les også

Håvard vil fly veteranfly gjennom 19 land

Då Strilen snakka med han 16. mai, var vêrutsiktene veldig dårlege med lågt skydekke og nedbør.

– Men det er oftare lettare vêrforhold på Fedje enn innom fjorden, så kanskje det berre blir fedjingane som ser meg, seier han.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Her finn ein dei to dyraste i juni

  2. Skal steikja 14.560 sveler til Fjord1

  3. Dette blei prisen for Fensfjordbygget

  4. Tok 18 sjåførar på fire timar

  5. Melder kommunen til politiet

  6. Førarkortbeslag og ruskøyring

  1. Fedje
  2. Fly
  3. 17. mai
  4. Dugnad